ID 1666 Sjukepleiar med koordinatorfunksjon -- Stord sjukeheim
Stillingsannonsen er inaktiv.Stord kommune
5417 Stord
Stord sjukeheim har frå 01.04.21 ledig 100 % fast stilling som autorisert sjukepleiar med koordinatorfunksjon. Stillinga har turnus med arbeid kvar tredje helg. Stord sjukeheim har 97 pasientar fordelt på 5 avdelingar. Ledig stilling er i avd. Vikjo som er ei avdeling med god kompetanse på psykiske lidingar. Avdelinga har 18 pasientar.
Me ynskjer å knytte til oss ein sjukepleiar med erfaring og/eller interesse frå arbeid innan psykisk helse og som ynskjer å arbeide med eldre.
I funksjonen som koordinator så har ein hovudansvar for planlegging, koordinering og dokumentering av tenestene til pasientane på si gruppe. Koordinator skal vere pådrivar og motivator for medarbeidarar på gruppa og saman med avdelingssjukepleiar sørgja for at rutinar og faglege oppgåver vert følgt godt opp.
Me er på utkikk etter ein tilsett som er fagleg engasjert og som vil vere med å utvikle avdelinga saman med avdelingssjukepleiar og dei andre dyktige tilsette.
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisert sjukepleiar.
- Det er ynskjeleg med vidareutdanning innanfor psykisk helse.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Me tilbyr:
- Faglege utfordringar i eit positivt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk.
- Velferdsklubb med fleire leilegheiter i Røldal
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Pensjon i KLP
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjoner kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som gjeld frå den dagen du slutter å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje
Kontaktperson: Avdelingssjukepleiar Marit Hetlesæter, tlf 53 40 44 75 eller 53 45 43 62, eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 97552097
Søknadsfrist: 31.10.21
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Stord kommune
Adresse
Kringsjå 8, 5417 Stord
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 12. februar 2021
Hentet fra: stord.kommune
Referanse: 6359794-428219
Stillingsnummer: f0ca4f9f-3093-4d7b-b3c0-0f6a2db01da2