80% fast stilling for Sjukepleiar v/ Molværsvegen15/17/19 - Bukollektiva
Org. nr: - Stillingsident: 4098936897 Presentasjon av stillinga:
Vi har tilsaman 3 avdelingar for personar med sjukdomen Demens i Bukollektiva i Langevåg, Molværsvegen 15, 17 og 19. Likar du å arbeide med denne bebuargruppa er du den rette søkaren for oss. Det bur 8 eldre ved kvar avdeling. Det er eit nært samarbeid mellom dei 3 avdelingane. Vi har to-delt turnus med arbeid kvar 3. helg. Dei som bur her har behov for døgnkontinuerleg omsorg. Vi nyttar velferdsteknologi i Bukollektiva.
Arbeidsoppgåver
- Vi arbeidar målretta og vil gje bebuarane eit tilpassa tilbod i trygge og rolege omgjevnadar og hjelp til å nytte eigne ressursar lengst mogleg.
- Arbeidet består i vanlege sjukepleiaroppgåver som praktisk hjelp, primærsjukepleie, palliasjon, multidose og nært samarbeid med pårørande. Vi utfører også terapi gjennom trim, tur, sang og musikk. Det er to-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Kvalifikasjonar
- Autorisert Sjukepleiar
- Vidareutdanning eller erfaring innan sjukdomen Demens er ein fordel.
- Du må like å arbeide i eit lite miljø.
- Gode norsk kunnskapar er ein føresetnad.
- Datakunnskapar er ein føresetnad.
Utdanningsretning
- Medisin/Helse/Sosialfag
Utdanningsnivå
- Høyskole/Universitet
Personlege Eigenskapar
- Forutan faglege kvalifikasjonar vert personlege eigenskapar vektlagt.
- Vi søkjer ein kollega som er omsorgsfull og påliteleg med roleg kroppsspråk og tolmod.
- Du må samarbeide godt og ha evne til å arbeide sjølvstendig.
Språk
- Norsk
Vi tilbyr
- Inkludering i eit godt arbeidsmiljø og gode kollegaer.
- Tilsetting på vanlege kommunale vilkår.
- Løn etter avtale.
- Sjukepleiarar ved Molværsvegen 15/17/9 har eit personleg tillegg på kr 6000,-
- Politiattest må leggjast fram før tilsetting. Oppgi referansar.
Kontaktinformasjon
Oddrun Marie Maseide, Einingsleiar
Cecilie Ørajsæter, Avdelingsleiar, 70199549, cecilie.orjaseter@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Sula kommune
Ref. nr.:4098936897
Stillingsbrøk: 80%
Fast
Startdato: 01.09.2019
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 05.07.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4098936897&company_id=3070249610&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]