Barnehagelærar i Aurland kommunale barnehage
Me har ledig
Vi har ledig 100% stilling, som barnehagelærar ved Flåm barnehage. Stillinga er fast frå 05.08.19.
Aurland kommune har to kommunale barnehagar. Desse er Flåm barnehage og Vangen barnehage, ved behov kan personalet bli flytta mellom barnehagane.
Flåm barnehage har to avdelingar . Det er ca 30 barn frå 1-6 år i Flåm barnehage frå nytt barnehageår 2019.
Barnehagane i Aurland er med i Sogn regionråd sitt program for barnehage- og skuleutvikling. "System for styrka
læring". Gjennom utviklingsprogrammet deltek tilsette og leiing i regionale kompetanse- og fagnettverk.
Arbeidsoppgåver
- deleansvar for vurdering, dokumentasjon og planlegge pedagogisk arbeid
- drifte avdelinga når pedagogisk leiar ikkje er til stades
- vere med å rettleie og følgje opp personalet på avdelinga
Personlege eigenskapar
-vere tydeleg rollemodell
-vere løysingsorientert
-ta initiativ til deg daglege arbeidet
-vere fleksibel og open for endringar
Kvalifikasjonar
Minimum treårig utdanning som barnehagelærar. Aurland kommune nyttar nynorsk som skriftspråk. Vi forventar at den/dei som blir tilsett snakkar godt norsk og kan nytte nynorsk i skriftleg form.
Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Offentleg tenestepensjon.
Det vert kravd gyldig politiattest.
Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Om bedriften
Aurland ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Vi vil vera Norges fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i sterk vekst. Vi er snart 1800 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge og gode oppvekstkår, kultur, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting.