100% stilling i vikariat som sjukepleiar
Vikariat off. godkjend sjukepleiar
Grunna svangerskapspermisjon har vi fylgjande ledig stilling.
100% stilling som sjukepleiar frå 01.09.2022 til 31.08.2023, med moglegheit til forlenging.
Stillingane passer for deg som har eit ressursorientert fokus og som er interessert i å arbeide i eit stort tverrfagleg miljø. Senteret nyttar tilpassa fysisk aktivitet, kognitiv terapi, rettleiing og undervisning som tilnærming i behandlinga.
ARBEIDSOPPGÅVER
Arbeidet vil omfatte direkte pasientkontakt, individuelle samtaler og oppfølging, i tillegg til tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper.
KVALIFIKASJONAR:
- Søkjar må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring frå og/eller interesse for tverrfagleg rehabilitering
- God munnleg og skriftelg framstillingsevne (norsk)
PERSONLEGE EIGENSKAPAR:
· Det vert lagt vekt på gode samarbeidsevne og evne til å arbeide tverrfagleg
· Personleg eignaheit vert vektlagt, kravd om plettfri vandel, jfr. Helsepersonelloven § 20a.
VI TILBYR:
· Ein kunnskapsrik organisasjon med engasjerte og utviklingsorienterte medarbeidarar.
· Gode lønns- og arbeidsvilkår
· Senteret er stengt jul/nyttår
· Gode velferd- pensjon- og forsikringsordningar
OPPSTART:
01.09.2022
Om bedriften
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Senteret gir tilbod til pasientar med behov for intensiv, tverrfagleg rehabilitering i spesialisthelsetenesta. Det er kring 1300 pasientar til rehabilitering ved senteret kvart år. Totalt har vi 74 årsverk og nærare 100 tilsette
Vi held til i Flekke i Fjaler, om lag 15 mil nord for Bergen. Det kort veg til skule/barnehage og butikk. Vi er sam-lokalisert og samarbeider med den internasjonale skulen United World College og elevane representerer eit stort mangfald på campus. Senteret ligg flott til ved fjorden som aktivt vert nytta i rehabiliteringa, og som tilsett har du tilgang til senteret sine treningsfasilitetar både inne og ute