Sjukepleiar/vernepleiar Eining for sikkerheitspsykiatri
Org. nr: - Stillingsident: 4215866097 Presentasjon av stillingen:
Eining for sikkerheitspsykiatri ved Valen sjukehus har 9 behandlingsplassar for menn frå heile Helse Fonna sitt opptaksområde. Hovudfunksjonen er stabilisering, utgreiing og behandling av pasientar med alvorleg psykisk sjukdom i kombinasjon med valds- og farlegheitsproblematikk.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiar/vernepleiar er ein del av det tverrfaglege behandlingsteamet i posten.
- Sjukepleiar/vernepleiar skal gi pasienten medisinsk og miljøterapeutisk behandling som er nødvendig for å oppfylle dei mål som er sett for kvar pasient
- Rettleiingsansvar for studentar.
- Viser til stillingsbeskriving for sjukepleiar/vernepleiar i Seksjon spesialisert behandling Valen.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri.
- Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid er ønskeleg.
- Må vere god i norsk skriftleg og munnleg.
- For å oppretthalde samansetninga av personalgruppa oppfordrast menn til å søkje.
Utdanningsretning
- Sjukepleie
- Sjukepleie videreutdanning
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Gode evner til samarbeid og kommunikasjon.
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø.
- Fleksibel.
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø.
- Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing.
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden.
- Arbeidstid turnus med arbeid 3. kvar helg.
Kontaktinformasjon
Monica Lindseth, Funksjonsleder, (+47) 53466483
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 26
5451 Valen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4215866097
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 20.04.2020
Sluttdato: 24.01.2021
Søknadsfrist: 13.04.2020
Om bedriften
I Helse Fonna er vi meir enn 4000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.