Servicekoordinator - After Sales & Service
Evotec AS søker etter Servicekoordinator - After Sales & Service
Grunna økt aktivitet, søker vi no etter Servicekoordinator for After Sales & Service. Vi leverer prosjekt til mange marknadsområde og kundar over heile verda, og skal vere ein leverandør som følgjer kundane tett i heile levetida av fartøy og utstyr. Kandidaten må derfor vere proaktiv og interessert i å finne løysingar for våre eksisterande og nye kundar.
Stillinga har følgande ansvarsområde og hovudoppgåver:
• Organisere og prosjektere servicejobbar
• Sal og kundekontakt
• Teknisk support til kundar
• Ordrebehandling og oppfølging
• Delta i produktutvikling
• Avviksbehandling og garantioppfølging
Følgande kvalifikasjonar og personlege eigenskapar vil bli vektlagt:
• Teknisk bakgrunn og interesse (gjerne frå maritim næring/industri)
• God kommunikasjonsevne, munnleg og skriftleg på både norsk og engelsk
• Evne til å jobbe strukturert, men samtidig være effektiv og kunne ta eige ansvar
• Trivast under press og har stor gjennomføringsevne
• Fungere og trivast både åleine og som del av team
• Resultatorientert med god forretningsforståing
• Utadvendt og relasjonsskapande
Du vil kome inn i eit godt arbeidsmiljø der alle vil kunne søke utfordringar og personleg utvikling.
For oss er rett profil viktigare enn kjønn og alder, så om du kjennar at vi treff deg i beskrivelsen, så oppmodar vi deg til å søke.
Stillinga vil rapportere til VP After Sales & Service
Arbeidsstad: Ulsteinvik.
Lønn: konkurransedyktige vilkår. Lønn etter kvalifikasjonar / nærare avtale.
Noko reiseaktivitet må påreknast.
For meir informasjon om stillinga, kontakt VP After Sales & Service Ole Kristian Romestrand,
tlf. 905 96 097.
Søknadsfrist: 21.01.2021.
Om bedriften
Evotec AS er i dag ein del av Entec Group, og utviklar og leverer komplette system og handteringsløysingar til kundar innanfor fiskeri/akvakultur, marine forsking, seismikk og offshore.
Ein stor del av det vi leverer er basert på kunderetta tilpassingar og utvikling av løysingar.
Vi er ca. 50 tilsette og held til i moderne kontor -og produksjonslokale i Ulsteinvik.
Du kan lese meir her