Barne- og ungdomsarbeidar
Stillingsannonsen er inaktiv.Gulen kommune
5961 Brekke
Org.nr.:938 497 524 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Brekke barnehage og skule består av 1-10-skule og to barnehageavdelingar. Barnehagen held til i nybygde lokale. Sjå www.brekke.skule.no for meir informasjon, bilete, årsplanar osv.
Gulen kommune har ledig inntil 100% mellombels stilling som barne- og ungdomsarbeidar i tida 15.08.19 - 14.08.20.
Barnehagane i Gulen har:
- Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar.
- Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar
- Godt arbeidsmiljø
- Tilbod om rettleiing
- Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen
Arbeidsoppgåver for barne- og ungdomsarbeidar:
- Medverke til at barnehagen og skulen er ei god pedagogisk verksemd
- Medansvar for tilbyn, omsorg og pedagogisk arbeid med borna
- Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaludering og vurdering i verksemda
- Nokre av fagarbeidarstillingane i eininga er knytt til arbeid med enkeltborn
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse. Søkjarar utan godkjent utdanning kan verte vurdert.
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
- Er strukturert, men likevel kunne vere spontan i møtet med borna
- Fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna:
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Vi tilbyr:
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Hjelp med å skaffe bustad
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Einingsleiar Bodil Takle, Epost: bodil.takle@gulen.kommune.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Gulen kommune
Adresse
Sognefjordvegen 434, 5961 Brekke
Gulen kommune ligg på sørsida av Sognefjorden, heilt ut mot havet. Innbyggjartalet er ca. 2 300. Kommunen har ca. 400 tilsette, som arbeider etter visjonen "samarbeid for utvikling"!
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
15. august 2019
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 19. desember 2019
Hentet fra: stepstone
Referanse: vac2326073dep176697_Gulen kommune_stepstone
Stillingsnummer: f03c8415-914d-4732-aca5-4bb7b17a9ccc