Vikariat innan våpenforvaltning ved Hustadvika politistasjon
Stillingsannonsen er inaktiv.Felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie, FUFSR, seksjon for forvaltning
Torget 8, 6440 Elnesvågen
Vi har ledig ei mellombels stilling som førstekonsulent på forvaltning, med våpenforvaltning som hovudarbeidsoppgåve.
Vi søker deg som har motivasjon og erfaring/ interesse for forvaltning. Du er ein positiv miljøskapar, er serviceinnstilt, effektiv, fleksibel og god å samarbeida med og har evne til å takla eit høgt arbeidstempo. Du kommuniserer godt, har lærevilje, evne til gjennomføring, er sjølvstendig, nøyaktig og strukturert.
Stillinga er for tida organisert ved Seksjon for forvaltning som er ein av fire seksjonar under Felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie (FUFSR). Kandidaten vil inngå i eit team der tre-fire saksbehandlarar har ansvar for dei same oppgåvene. Hovudoppgåvene til denne stillinga vil vera innanfor våpenforvaltning. Forvaltningsseksjonen har medarbeidarar lokalisert ved Kristiansund politistasjon og Hustadvika politistasjon i Elnesvågen. Den mellombelse stillinga blir lyst ut med arbeidsstad Hustadvika politistasjon, der saksbehandlarstillingane på våpenforvaltninga er samlokaliserte.
Stillinga må søkjast på elektronisk. Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden. Originale attestar og vitnemål eller rett kopi som stadfestar kompetanse og ansiennitet skal takast med til intervju.
Arbeidsoppgåver
- Saksbehandling innan forvaltningsgjeremålet til politidistriktet, med hovudvekt på våpenforvaltninga til politiet.
- Kontrollar/saksbehandling i samband med forvaltningskontroll, opp mot våpenforhandlarar, skyttarlag og våpeneigarar.
- Ha fokus på førebygging gjennom forvaltning.
- Saksbehandling innan andre forvaltningsgjeremål må påregnes.
- Legga til rette for kunnskapsbasert erfaringslæring – bidra til kompetansedeling innan forvaltningsområdet.
- Eksterne foredrag og/eller rettledning for samarbeidspartnarar.
- Kan påleggast andre oppgåver.
Kvalifikasjonar
Nødvendige:
- Relevant høgare utdanning, minimum bachelorgrad. Særleg relevant praksis og realkompetanse kan erstatta kravet om utdanning
- Eventuell utdanning frå utlandet må vera godkjent av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) før ansettelse
- Kjennskap til norsk offentleg forvaltning og saksbehandling
- God skriftleg og munnleg utrykks- og formidlingsevne på norsk
- God basiskunnskap innan IKT
- Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41
Ønskelege:
- Kurs/studier innenfor forvaltning/juridiske fag
- Erfaring fra arbeid innen offentlig forvaltning
- God skriftlig og muntlig utrykks- og formidlingsevne på engelsk
- God kjennskap til politiets registre generelt og innen fagfeltet spesielt
Personlege eigenskapar
- Du er fleksibel, serviceinnstilt, effektiv og har gode samarbeids- og formidlingsevner
- Du er motivert og har evne og vilje til læring og utvikling og tar initiativ
- Du er strukturert, nøyaktig, ansvarsbevisst og sjølvstendig
- Du har god stressmestringsevne
- Du bidrar positivt til arbeidsmiljøet gjennom humør, åtferd og engasjement
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med og forme framtida til politiet.
- Vikariat som førstekonsulent (stillingskode 1408).
- Varigheit for vikariatet er frå og med 1.8.2022 til og med 31.7.2023.
- Lønn fra og med brutto årslønn kr. 425 600,- (ltr.45) til og med kr. 461 300,- (ltr.51)
- Endelig plassering av lønn er avhengig av erfaring, kvalifikasjoner og ansiennitet.
- Tilsetjing etter gjeldande regelverk, lov om statens tilsette, personalreglement mv.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon. Det vert trekt to prosent av løna til SPK.
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste.
- Fleksibel arbeidstid med høve til trening i arbeidstida.
Kontaktinformasjon
Sissel Straume Brevik, Seksjonsleiar, 71589320Arbeidssted
Torget 86440 Elnesvågen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.:4539084023
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2022
Sluttdato: 31.08.2023
Søknadsfrist: 06.07.2022
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie, FUFSR, seksjon for forvaltning
Adresse
Torget 8, 6440 Elnesvågen
Møre og Romsdal politidistrikt er eitt av 12 politidistrikt i Noreg og vi dekkjer heile Møre og Romsdal fylke.
Vi jobbar etter prinsippa i medarbeidarplattformen for politiet som inneber å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på.
Politiet meiner at inkludering og mangfold er ei styrkje. Vi treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg kan vi tilrettelegge for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen.
Vi oppfordrar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Etter at søknadsfristen er gått ut blir det sett opp ei offentleg søkjarliste. Opplysingar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette.
Vi oppfordrar alle søkjarar om å registrere utfyllande CV i søknadsportalen og legge ved relevante vitnemål og attestar.
Om stillingen
Stillingstittel
Vikariat innan våpenforvaltning ved Hustadvika politistasjon
Antall stillinger
1
Oppstart
1. august 2022
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 9. juli 2022
Hentet fra: talentech
Referanse: 0636d1f1134b4f77a99a569e369d11c0
Stillingsnummer: f03851e9-0cf5-4203-ac33-4a436549d6da