Kontomedarbeidar
Org.nr.:938 497 524 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
PU-tenesta har base på Dalsøyra, men yter bistand til brukarar i heile kommunen. Einingsleiar, nestleiar og kontormedarbeidar har nye kontor i det nye PU-senteret på Dalsøyra. PU-tenesta treng ein kontormedarbeidar som kan vere ein stabil ressurs i administrasjonen i eininga, som kan vere med og sikre god arbeidsflyt.
Gulen kommune har ledig 40% fast stilling som kontormedarbeidar frå snarast
Stillinga kan kombinerast med ledig 50% kontormedarbeidar for tida ved Brekke barnehage og skule, men det er ikkje eit krav av stillingane skal kombinerast. Søkjarar som er interessert i å kombinere stilligane, må søkje på begge stillingane.
Hovudarbeidsppgåver:
- Timelisteregistrering
- Attestere faktura
- Oppdatere/skrive ut/halde oversyn over endringar i vekeplanar, skaffe vikarar, hjelpe personalet med tilgangar og bruk av Min arbeidsplan (i turnusprogrammet Tieto)
- Arkivering
- Innkjøp i e-handel
- Bidra til god arbeidsflyt i eininga og ut mot andre einingar
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar
- Det er ynskjeleg med relevant fagbrev og/ eller erfaring innan kontorarbeid
- Gode dataferdigheiter
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Må kommunisere godt på norsk
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Må vere stabil, systematisk, pliktoppfyllande og fleksibel
- Må kommunisere og samarbeide godt og vere løysingsorientert
- Vere sjølvstendig og ha evne til å lære og raskt setje seg inn i nye arbeidsområde
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Einingsleiar Bjørg Haugland, Tlf: 57781661, Epost: bjorg.johanne.haugland@gulen.kommune.no
Om bedriften
Gulen kommune ligg på sørsida av Sognefjorden, heilt ut mot havet. Innbyggjartalet er ca. 2 300. Kommunen har ca. 400 tilsette, som arbeider etter visjonen "Samarbeid for utvikling!"