Forskar
Org. nr: - Stillingsident: 4195629789 Presentasjon av stillingen:
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Forskar ved Barne- og ungdomsklinikken i Helse Bergen.
Barne- og ungdomsklinikken har ansvar for utgreiing og behandling av barn, og driv i tillegg med utstrakt epidemiologisk, eksperimentell og klinisk forsking. Prosjektet <> er eit pågåande prosjekt på persontilpassa behandling og monitorering av barn med sjeldan eller tilbakevendande kreft. Koordinerande funksjon er lagt til Barne- og ungdomsklinikken, og praktisk arbeidsplass er lagt til Medisinsk genetisk avdeling.
Om prosjektet
<> tar mål av seg å individualisere
behandling gjennom å identifisere behandlingsmål og kimbane-predisponerande
faktorar gjennom ulike genetiske metodar og å etablere nye biomarkørar frå
"flytande biopsiar" for avansert kreft hjå barn for betre overvaking
av sjukdommen. Desse nye teknikkane blir truleg sentrale i framtidig
diagnostikk og pasient-oppfølging og vi håpar at vi gjennom prosjektet
tilrettelegg for rekruttering til kliniske forsøk. Desse analysane vert gjort ved Haukeland Universitetssjukehus, og i samarbeid
med Universitetet i Bergen, samt andre partnerar i inn og utland.
Forskarstillinga vil vere sentral i etablering og vidareutvikling av prekliniske metodar som skal nyttast i prosjektet. Stillinga vil også vere involvert i samarbeid for generering av pasientderiverte cellelinjer og støtte til utvikling av musemodellar. I tillegg vil personen ha ansvar for biobanking, rapportering, søknadskriving og arrangering av møter.
Prosjektet har ledig ein midlertidig 100% stilling frå 01.05.2020-31.12.2021.
Arbeidsoppgåver
- Prøvebearbeiding (mellom anna cryopreservering og preservering av vevsbiopsiar)
- Utvikling av musemodellar
- Preklinisk bildebehandling
- Biobanking
- Støtte samarbeidspartnerar ved generering av cellelinjer og musemodellar
- Delta i informasjons-, søknads- og undervisingsoppgåver
- Bidra aktivt til artikkelskriving
- Arrangere møte og seminar
Kvalifikasjonar
- Kjennskap til forsking på høgt nivå dokumentert gjennom publikasjonar i internasjonale fagtidsskrift er eit krav
- Kunnskap og erfaring med genetiske analysemetodar er ønskjeleg
- Erfaring med undervisning, rettleiing og prosjektarbeid er ein fordel
- Kjennskap til klinisk utprøvingspraksis (GCP) er ein fordel
- Beherske engelsk skriftleg og munnleg
- Erfaring innan bioinformatikk er ein fordel
- Kandidaten må ha bakgrunn i biofysikk, biologi, molekylærbiologi, bioteknologi eller medisin, og må ha minst ein postdoktor-periode eller tilsvarande
- Kandidaten må ha FELASA B/C lisens
- Kandidaten må ha erfaring med preklinisk bildebehandling og analyse
- Kandidaten må ha erfaring med å lage pasientderiverte dyremodellar, utvikling av nye medikament, og samling av vevsprøvar
- Kandidaten må ha erfaring med pasientderiverte organoidar
Utdanningsretning
- Medisin
- Biologi
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, doktorgrad
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode analytiske evner
- Evne til å arbeide strukturert, systematisk og målretta
- Sjølvstendig
- Endringsvillig og fleksibel
- Engasjert
- Initiativrik
- Løysingsorientert
Språk
- Engelsk
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø
- Fleksitid
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Emmet Mc Cormack , 55973097, mmaem@uib.no
Arbeidsstad
Jonas Lies veg 87
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Helse Bergen
Referansenr.:4195629789
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.05.2020
Sluttdato: 31.12.2021
Søknadsfrist: 28.02.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.