ID 1872 Parkour lærar – Eining for kultur
Stillingsannonsen er inaktiv.Stord kommune
Stord
Kulturskulen har ledig fast 50% stilling som lærar innan fagområde parkour, frå snarast.
Om stillinga:
Stord kulturskule søkjer etter allsidig parkourlærar som kan undervise elevar i alle aldrar, frå 7 år og oppover. All undervisning er lagt til ettermiddagstid. Dei tilsette i kulturskulen har fast fellestid to dagar i veka, men i 50 % stilling forventast det deltaking på ein av desse. Parkourlærar har tilgang til arbeidsrom/kontor i tilknyting til undervisningsrommet.
Kvalifikasjonskrav:
· Me søkjer etter allsidig parkourlærar med utdanning frå høgskule, universitet eller anna relevant utdanning.
· Erfaring frå fagfeltet er ynskjeleg.
· Det er ynskjeleg at søkjar har pedagogisk utdanning eller kvalifikasjonar innan parkour-coaching.
· Den som vert tilsett må leggje fram politiattest.
Me tilbyr:
· Eit positivt arbeidsmiljø
· Gode pensjons- og forsikringsordningar
· Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk.
· Velferdsklubb med fleire leilegheiter i Røldal
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje
Nærare opplysningar får du ved å venda deg til rektor/avdelingsleiar i Stord kulturskule, Gareth Whittaker, + 47 53 49 67 98 eller e-post: gareth.whittaker@stord.kommune.no
Ein finn meir informasjon om Stord kulturskule på www.stord.kommune.no/no/stordkulturskule
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Stord kommune
Adresse
Lønningsåsen 1, 5417 Stord
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Om stillingen
Stillingstittel
Parkourlærar
Antall stillinger
1
Oppstart
Etter avtale
Heltid/deltid
Deltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Kveld
Sist endret: 1. august 2022
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: efc932dc-f115-4d33-915c-ed4322fa90c2
Stillingsnummer: efc932dc-f115-4d33-915c-ed4322fa90c2