Sjukepleiar
Stillingsannonsen er inaktiv.Kirurgisk/ortopedisk sengepost Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Vil DU bli vår nye kollega?
Vi har ledig fast stilling for sjukepleiar. Arbeidstida inneber p.t. turnus med arbeid kvar tredje helg. Ev kvar 4. helg med 12 timars vakter.
Sengepost for kirurgi er ein tverrfagleg seksjon med særleg fokus på hurtige ortopediske elektive forløp, ortogeriatri for pasientar med lavenergibrudd, elektiv urologi, sjukepleiepoliklinikkar (osteoporose, infusjon, pre-operative førebuingar) og infeksjonspasientar. Kliniske støttefunksjonar er òg ein del av seksjonen. Seksjonen dekkjer kirurgiske fagområder innanfor ortopedi og urologi.
Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Arbeidsoppgåver
- Utføre sjukepleie som inkluderer heilskapleg dokumentasjon og administrasjon av medikamenter etter forordning og delegerte oppgåver
- Ivareta forsvarleg medikamenthandtering og legemiddelsamstemming
- Rettleie og orientere pasientar og pårørande
- Studentrettleiing
- Opprette og oppdatere elektronisk pasientjournal, og sørgje for at denne inneheld problem, tiltak og fortløpande evalueringar. Dette inkluderer òg å sørge for at e-meldingar til kommunalt tenestenivå til ei kvar tid er oppdatert
- Vere kjent med og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrer og retningsliner
- Sette seg inn i bruken av sengeposten sitt medisinsk tekniske utstyr
- Samarbeide tverrfagleg på ein profesjonell måte
- Bidra til utvikling av SNR med fokus på fag og det utadvendte sjukehus
- Ta medansvar for eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du samarbeider godt med kollegaene dine
- Du trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
- Du har evne å arbeide strukturert og sjølvstendig, både individuelt og i team
- Du har interesse for kirurgisk/ ortopedisk sjukepleie, e-helse og digitalisering
- Du viser vilje til endring
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Kontaktinformasjon
Eva Bentz, Seksjonsleiar, Eva.Bentz@helse-mr.noArbeidssted
Herman Døhlens vei 16508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.:4564666309
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.11.2022
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Kirurgisk/ortopedisk sengepost Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Adresse
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Om stillingen
Stillingstittel
Sjukepleiar
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 9. november 2022
Hentet fra: talentech
Referanse: d880a73af8f0422ea51eb99130ac7a20
Stillingsnummer: efc7fd7d-337a-4618-87f9-3e2605fc1faa