Avdelingsleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4087383714 Presentasjon av stillingen:
100 % fast stilling ledig for oppstart 01.01.20.
Avdelinga omfattar døgnavlastningstenester i institusjon til familiar med barn med funksjonsnedsetting. Avdelingsleiar rapporterer til verksemdsleiar og skal vere ein del av verksemda sitt leiarteam.
Arbeidsoppgåver
- Mellomleiar med ansvar for dagleg, fagleg drift og personalansvar.
- Leie og utvikle avdelinga i samsvar med vedtekne mål, budsjett, planar og overordna føringar for Ålesund kommune.
- Leie og utvikle avdelinga i samsvar med Ålesund kommune sine satsingsområde.
- Legge til rette for ein god dialog med brukarar, pårørande og andre delar av tenestetilbodet i kommunen.
- Legge til rette for godt samarbeid og skape aktive og motiverte tilsette.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå, minimum bachelor, primært sosialfagleg utdanning.
- Relevant leiarerfaring.
- Vidareutdanning i leiing er ønskeleg, evt er det ei forventning om at den som blir tilsett i stillinga gjennomfører slik vidareutdanning.
- Erfaring frå turnusarbeid.
Personlege eigenskapar
- Evne til strukturert, sjølvstendig, målretta, kreativt og innovativt arbeid.
- God kjennskap til og forståing for kommune sine oppgåver.
- Løysingsfokus og høg gjennomføringsevne.
- Evne til å bygge nettverk og samarbeid med andre.
- Særleg fokus på førebygging og tideleg innsats.
- Personleg eignaheit vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn etter avtale.
Kontaktinformasjon
Vivian Dyb, Kommunalsjef, 900 18 194
Arbeidsstad
Keiser Wilhelmsgate 11
6002 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Nye Ålesund Kommune
Referansenummer:4087383714
Stillingsprosent: 100%
Startdato: 01.01.2020
Søknadsfrist: 09.06.2019
Om bedriften
Kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund skal danne ein ny kommune frå
- januar 2020. Kommunen skal heite Ålesund. Den blir den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen vil ha rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen blir ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet, vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er <<nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet>>.
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.