ID 1615 Helgeavløysarar 13-18% -- Heimebaserte tenester
Det er ledig fleire helgeavløysarstillingar, både faste og vikariat. Stillingane er i storleiken 13-18% Heimebaserte tenester i Stord består av 3 geografisk inndelte avdelingar. Me gjev heimesjukepleie og praktisk bistand til heimebuande i heile kommunen. Avdelingane er delt inn i tre arbeidslag, som arbeidar etter primærkontaktmodellen.
Arbeidsoppgåver:
Som helgeavløysar i heimebaserte tenester skal du utføre pleie og omsorgsoppgåver til heimebuande brukarar. Oppgåvene varierer frå personleg stell, bistand ved måltider, oppfølging av utløyst tryggleiksalarm, og kan og inkludere omsorg ved livets slutt. Saman med andre yrkesgrupper har du ansvar for pleie og behandling av kvar einskild brukar. Du må kunne arbeide sjølvstendig, og vurdere når du skal be om råd frå dine kollegaer. Du vil bli utfordra på evne til å prioritere og å handtere hektiske periodar og akutte situasjonar.
Kvalifikasjonar:
- Stillinga høver for studentar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar eller andre som ynskjer seg ein helgejobb. Søkjar utan formell helsefagleg utdanning kan og søkje, dersom ein kan dokumentere erfaring frå pleie og omsorgsoppgåver. Du snakkar så godt norsk at du kan samarbeide med andre og utføre dine arbeidsoppgåver sjølvstendig. Du har førarkort kl B.
- Personlege eigenskaper som t.d. samarbeidsevne, fleksibilitet og sjølvstende vil verte vektlagt.
Vi tilbyr:
- Faglege utfordringar i eit positivt arbeidsmiljø
- Løn etter tariff med tillegg for relevant vidareutdanning
Pensjon i KLP
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjoner kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som gjeld frå den dagen du slutter å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktpersonar:
Avdelingsleiar Gina Kittilsen tlf 975 51 169 eller Einingsleiar Britt Sørensen Dalsgård tlf 975 52 102
Søknadsfrist: 26.07.20