Sjukepleiar/vernepleiar - nattevaktstilling
Org. nr: - Stillingsident: 4468980078 Presentasjon av stillingen:
Miljøarbeidertenesta yter tenester til menneske med psykisk utviklingshemming og psykiske lidingar. Nordåsen, Åsateigen, Åsavegen og Myklebusttunet yter tenester til vaksne bebuarar som bur i eigne bustadar med heildøgnsbemanning. Uteteamet bistår menneske som har behov for teneste i eigne bustadar i kommunen. Solsikka er ein avlastningsbustad for barn og unge 0-18 år.
Avdeling åsateigen har ledig 50 % nattevaktstilling frå d.d.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og gjennomføre miljøterapeutiske tiltak
- Journalføring
- Arbeid etter kap. 9
Kvalifikasjonar
-
Sjukepleiar/vernepleiar
-
3 årig helse og sosialfagleg høgskuleutdanning
Dersom det ikkje melder seg søkjarar med relevant utdanning, kan det vere aktuelt og tilsette helsefagarbeider.
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer etter medarbeidarar som har eit sterkt engasjement for denne brukargruppa.
- Du må vere ansvarsbevisst, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i team.
- Du har godt humør, pågangsmot, god omsorgsevne og flink til å bygge relasjonar.
- Du er pådrivar for å skape ei god teneste og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- Du har evne til å skaffe deg oversikt og jobbe strukturert og planmessig.
- Du er trygg og arbeider målretta
Vi tilbyr
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
- Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Synnøve Marie Hestenes, Tenesteleiar Miljøarbeidartenesta, 93018186
Arbeidsstad
6823
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Gloppen kommune
Referansenr.:4468980078
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 06.02.2022
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 -- 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Gloppen har full barnehagedekning og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Her er eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra både som årets kulturkommune og årets musikkommune.