Statistikk om jordbruksnæringen
Landbruksnæringa er ei viktig næring på mange måtar. Sentrale samfunnsmål rundt matproduksjon, arealforvaltning, sysselsetjing, økonomi og ei rekke offentlege reguleringar, gjør at det er et stor etterspurnad etter statistikk. Datatilgangen er omfattande, både i form av eigne skjemaundersøkingar og ikkje minst data samla inn av andre. Det å sjå statistikkar på tvers og samanstille data frå fleire kjelder, er ein del av SSB sin strategi og noko vi etterstrebar. Vi ser etter ein ny medarbeidar som har interesse og evne for slike oppgåver.
Vår nye kollega skal arbeide med jordbruksstatistikk. Hovudoppgåver er knytta til produksjon og utvikling av statistikk, analysar og utgreiingar knytta til økonomi og miljø innen jordbruksnæringa. Vi ser etter deg som har interesse for emnet, gode IT-kunnskapar og som kan bidra til å vidareutvikle statistikkproduksjonen med nye metodar, datakjelder og verkty. Det er viktig at du er sjølvstendig, strukturert og har gode samarbeidseigenskapar.
Arbeidsoppgåver
- Utarbeiding av jordbruksstatistikk i vid forstand med vekt på produksjon, økonomi og miljø
- Formidle og analysere resultat frå eigeninnsamla data og registerdata
- Utvikle fagområdet med å ta i bruk nye metoder og datakjelder
Kvalifikasjonar
- Utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan landbruk, økonomi, datavitskap m.v.
- Interesse for arbeid med tal og data
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne både på norsk og engelsk
- Erfaring eller interesse for programmering er nyttig
- Relevant arbeidserfaring kan kompensere for krav til utdanning
Personlege eigenskapar
- Gode analytiske evner og god talforståing
- Pliktoppfyllande og kvalitetsmedviten
- Evne til å arbeide systematisk og målretta
- Evne til initiativ og nytenkning
- Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Spennande og utfordrande oppgåver i ei verksemd med eit viktig samfunnsansvar
- Gode høve til utvikling, samarbeid og nettverksbygging. Vi har nytilsetteprogram, årleg hackathon og arrangement for fagleg deling på tvers
- Løn som førstekonsulent/rådgivar kr 471 300 - 563 500 etter kvalifikasjonar. Høgare løn og/eller stillingskode kan vurderast for søkarar som er særs godt kvalifiserte
- Fleksibel arbeidstid, hyggelege lokale, treningstilbod og god pensjonsordning
Generelt
- Attestar/vitnemål skal registrerast/leggast ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Vi utfører bakgrunnssjekk og kontroll av dokument. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedd om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom ønska reservasjon ikkje vil bli teke til følgje vil søkaren bli varsla om dette før offentleg søkarliste vert utforma.
- Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. Eksempel på det kan vere tekniske hjelpemiddel, fysisk tilrettelegging eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
- Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil minst ein søkar i kvar av desse gruppene bli innkalla til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.
- Vi oppfordrar søkarar til å krysse av dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Kontaktinformasjon
Berit Bjørlo, seniorrådgivar, 408 11 376, berit.bjorlo@ssb.noDagfinn Sve, seksjonssjef, 932 47 568, dagfinn.sve@ssb.no
Arbeidsstad
Otervegen 232211 Kongsvinger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Statistisk sentralbyråReferansenr.: 4609437151
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.02.2023
Om bedriften
Statistisk sentralbyrå - tal som fortel
Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for utvikling, utarbeiding og formidling av offisiell statistikk i Noreg. Statistikk, forsking og analyse frå SSB bidrar til innsikt om samfunnsutviklinga, dannar grunnlag for det offentlege ordskiftet og gir moglegheit for informerte avgjerder.
SSB er ein kunnskapsorganisasjon med fagleg utfordrande arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for utvikling. Vi har eit stort kontaktnett, også internasjonalt. Vi har 830 medarbeidarar lokaliserte i Oslo og Kongsvinger, i tillegg til intervjuarar over heile landet. Kompetente og motiverte medarbeidarar er avgjerande for at vi skal kunne nå målet om å vere den fremste leverandøren av fakta om norske samfunnsforhold.