Miljøterapeut i medleverturnus 100% fast
Kvinnherad kommune Barn og familie
Sentrumsvegen 29, 5460 Husnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Eining Barn og familie er ei av 21 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt opp i seks avdelingar; Barnevern, PPT, Helsestasjon, Avdeling for Familiestøtte, Villatoppen avlastningsbustad og Butiltak Barn og unge. Eininga held til på Husnes tenestesenter.
Omtale av stillingaButiltak Barn og unge "Liljetun" har ledig 100% fast stilling som miljøterapeut i medleverturnus frå 01.01.25. Butiltaket er organisert i Eining Barn og familie. Vi har 8 miljøterapeutar, 2 nattevakter og avdelingsleiar.
Vi ser etter deg som har eit brennande engasjement for ungdom. Du som gledar deg over "dei små tinga" og er dyktig til å skape relasjon til ungdom. Vår avdeling vil gje omsorg til ungdom med ulike ressursar, utfordringar og behov. Dette krev at du er fleksibel, open, imøtekommande, nysgjerrig, tillitsbyggjande og omsorgsfull, samtidig som du ikkje er redd for å stå i vanskelege situasjonar. Du må ha stor arbeidskapasitet, og evne til rask omstilling i ein hektisk kvardag.
Du må vidare vere arbeidsvillig og fagleg engasjert, samt kunne jobbe sjølvstendig og i team. Har du relevant erfaring, der du tidlegare stått i vanskelege og utfordrande situasjonar - og tenkjer at du har noko å bidra miljøterapeutisk? Då bør du søkje!
Menn vert oppmoda om å søkje, då vi har behov for best mogleg kjønnsfordeling i tiltaket.
Kvifor burde du arbeide hos oss?Vi kan tilby ein meiningsfull og gjevande jobb, der du ser kva din innsats betyr for ungdom du arbeider med.
Fagleg og personleg utvikling for våre tilsette er høgt prioritert hos oss. Vi vil legge til rette for kompetanseheving og oppfølging. Fagansvarleg og avdelingsleiar er tett på tilsette og tilgjengeleg for samtale og rettleiing.
Arbeidsoppgåver:- Miljøterapeutisk arbeid
- Tverrfagleg samarbeid
- Rapportering og dokumentasjon av miljøterapeutiske arbeid
- Praktisk bistand og omsorg/pleie
Vi søkjer primært etter deg med bachelor i helse- og sosialfag (Vernepleier, sosionom, barnevernspedagog og sjukepleiar).
- Erfaring frå medleverturnus
- Ynskjeleg med relevant vidareutdanning
- Erfaring frå arbeid med barn og unge vert vektlagt
- Førarkort klasse B
- Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing
- Er imøtekommande og har utprega evne til å skape tillit og gode relasjonar
- Har gode samarbeidsevner, god kommunikasjonskompetanse og ansvarsforståing
- Er trygg på deg sjølv og i stand til å handtere utfordrande åtferd
- Løysingsorientert
- Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert
- Evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- God kunnskap i norsk
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- God datakunnskap
- Jamleg internundervisning og gode moglegheiter for kompetansehevande tiltak.
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11, opplæringslova § 17-11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2797084
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3431009_226019_nn