ID 810 Sjukepleiar i vikarpool 100 % fast
Stillingsannonsen er inaktiv.Fitjar Kommune Helse og omsorg
Sjøsbrekko 1, 5419 Fitjar
Har du lyst å jobba i vikarpool i fast høg stilling innanfor helse og omsorg? Fitjar kommune er i ferd med å etablere ein vikarpool med ein stab av fast tilsette med fagutdanning, som går inn og dekker vikariat i alle einingar innanfor helse, sosial og omsorg.
Stillinga blir oppretta som ei 100% fast stilling i vikarpoolen, og er ledig for tiltreding. Tilsette i vikarpoolen er fast tilsett i kommunen, men arbeidsstaden vil variera etter behov i helse- og omsorgssektoren.
Aktuelle arbeidsplassar er m.a. institusjon, heimebaserte tenester og habilitering. Vikarpoolen skal dekkje kort- og langvarig fråvær, og så langt det lar seg gjera går ein inn i eksisterande turnusar.
Døme kan vere ved lange sjukemeldingar eller medan ein venter på ei tilsetting i vakante stillingar. Dei tilsette i vikarpoolen blir fordelt jamt til dei ulike avdelingane før planlegging av ferie og høgtid.
Me har ein aktiv og spennande arbeidsplass i tett samarbeid med ulike fag og yrkesgrupper. Som fast vikar vil du få ulik og unik erfaring. Tidlegare erfaring frå denne type ordning viser at stillinga over tid gir gode moglegheita for overføring til andre faste stillingar om det er ynskjeleg.
Kvalifikasjonskrav:
· Autorisert sjukepleiar
· Førarkort kl. B -- manuell gir
· God evne til samarbeid og kommunisere
· Høg arbeidskapasitet og arbeidsglede
· Jobbar systematisk og tek ansvar for avdelinga si totale drift
· Du er sikker i utøving av faget og trivs med å arbeide ved fleire arbeidsstadar
· Erfaring frå omsorgssektoren og bruk av elektronisk pasientjournal er eit føremon
· Du må gjerne ha erfaring frå norsk kommunehelseteneste anten gjennom utdanning eller praksis, og beherske norsk både munnleg og skriftleg (ev skandinavisk)
Personlege eigenskapar vert vektlagt. Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato. Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Søknadsfrist: 29.01.23.
Nærare opplysningar om stillinga får de ved å kontakte avdelingsleiar Kari Bjelland Vik
tlf: 932 22 669. Vitnemål og attestar skal takast med ved innkalling til eit evt. intervju.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Fitjar Kommune Helse og omsorg
Adresse
5419 Fitjar
Hjemmeside
Fitjar kommune er liten i innbyggjartal, men stor på naturopplevingar og fellesskap. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske vikar og eit mylder av øyar og skjer.
Gode butilhøve, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår. Kommunen har 3 182 innbyggjarar og er i ei positiv utvikling.
Les meir om kommunen og stillinga på fitjar.kommune.no/stilling
Om stillingen
Stillingstittel
Sykepleier
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager, Lørdag, Søndag
Arbeidstid
Dagtid, Kveld
Sist endret: 30. januar 2023
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: eefecf72-c029-4e2b-ba5d-b7b74e15f556
Stillingsnummer: eefecf72-c029-4e2b-ba5d-b7b74e15f556