100% x 2 stilling miljøterapeut - Tenester for utviklingshemma, Bjørnefjorden bufellesskap
Stillingsannonsen er inaktiv.Os kommune
Os
Ved Tenester for utviklingshemma, arbeidsstad for tida Bjørnefjorden Bufellesskap, er det frå snarast ledig 2 x100 % stilling for miljøterapeut.
Arbeidsstad
Teneste for vaksne utviklingshemma i Os kommune består av 6 bufellesskap og eit dagsenter. Bjørnefjorden Bufellesskap er eit nyare bufellesskap for 12 unge personar med ulike bistandsbehov.
Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane. I funksjonen inngår førebygging, habilitering og rehabilitering. Arbeidet består i å yte brukarane den bistanden dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål, ta del i sosiale aktivitetar og gjere brukarane meir sjølvhjelpne. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Du må vere villig til å ta på seg hovudkontaktarbeid. Dette arbeidet inneber å følgje særskilt med ein tenestemottakar sine behov i høve økonomi, helse, dagtilbod, fritidstilbod og hjelp til daglege føremål. Vidare må du rekne med å arbeide aktivt saman med, og vere initiativtakar i høve tenestemottakaren sine pårørande,familie, vener og hjelpeapparatet elles.
Stillingane er turnus med ein kombinasjon av ordinære vakter og lange vakter. Arbeid lange vakter 4. kvar helg.
Kvalifikasjonar
Du har relevant helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdannning på bachelornivå. Det er ønskeleg med autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar i ein av dei to utlyste stillingane. Det vert vidare lagt vekt på erfaring frå målretta miljøarbeid med personar med utviklingshemming. Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk. Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mulig kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar. Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Os kommune
Adresse
Torggata 7, 5200 Os
Hjemmeside
Os kommune 1.januar 2020 slår Os og Fusa kommunar seg saman til Bjørnafjorden kommune.
"Saman for vekst og utvikling!" er visjonen for arbeidet med kommunesamanslåinga, og
større og meir robuste fagmiljø er eit viktig mål. Vi ser etter medarbeidarar som lyttar med respekt , finn smarte løysingar, gjer det dei seier og er inkluderande.
Om stillingen
Stillingstittel
miljøterapeut
Antall stillinger
2
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 19. desember 2019
Hentet fra: FINN
Referanse: 157489483
Stillingsnummer: eee509b8-3416-4674-9ba0-679793e4edec