Ferievikarar (vaskeri)
Gulen kommune har behov for ferievikarar sommaren 2019 i sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Eininga består av sjukeheim og heimetenester. Eininga har også eige kjøken, vaskeri og reinhaldspersonell.
Søkjarane kan forvente attendemelding i midten av april.
Arbeidsoppgåver
- Det er behov for søkjarar innan pleie og på sørviksavdelinga (reinhald, kjøken, vaskeri). Søkjarane må skrive kva avdeling dei søkjer om sommarjobb på, samt dersom det er periodar søkjaren ikkje har høve til å jobbe - ev. andre begrensingar.
Kvalifikasjonar
- I stillingar innen pleie og omsorg er det ynskjeleg med søkjarar som er helsefagarbeidar eller sjukepleiar, men andre kan også søkje.
- For stillingar på sørvis er det ynskjeleg med fagbrev som t.d reinhaldar, kokk osv, men andre kan også søkje.
- Dei som skal jobbe i heimetenestene må ha førarkort klasse B.
- Må kommunisere godt på norsk - både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Vi ynskjer ferievikarar som er fleksible, stabile, tar initiativ og ynskjer å bidra til å gje gode tenester til brukarane
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Nina Haveland, Tlf: 57781602, Epost: nina.haveland@gulen.kommune.no
Om bedriften
Gulen kommune ligg på sørsida av Sognefjorden, heilt ut mot havet. Innbyggjartalet er ca. 2 300. Kommunen har ca. 400 tilsette, som arbeider etter visjonen "samarbeid for utvikling"!