Lærar, vikariat
Org. nr: - Stillingsident: 4191813312 Presentasjon av stillingen:
Opp til 100 % vikariat som lærar frå 1.august 2020. Larsgården skole er ein 1-7 skule, som frå hausten vil trenge ein vikar for å dekke opp for videreutdanning og permisjonar.
Skulen ligg sentralt til i Larsgården med kort avstand til fjell og sjø. Vi har eit godt uteområde som vi nyttar aktivt. Skulen har rundt 180 elevar frå hausten. Skulen er oversiktleg, og vi jobbar aktivt for at alle finn sin plass. Stillinga vil ligge til fleire trinn, med undervisning i fleire fag.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i alle fag i grunnskulen.
- Team- og trinnsamarbeid.
- Arbeid med fagfornying og utviklingsarbeid på skulen.
Kvalifikasjonar
- Grunnskulelærar 1-7.
Personlege eigenskapar
- Vi ønskjer fleksible, positive og opne medarbeidarar, som er med på å utvikle profesjonsfellskapet ved skulen.
- Vi ønskjer tydelege klasseleiarar som er sjølvstendige i arbeidet sitt, men som er audmjuke med tanke på å utvikle seg sjølv.
- Vi ønskjer lærarar med godt humør, og som kan ta i eit tak i ein hektisk kvardag.
Vi tilbyr
- Ein skule der det er rom for å meine noko om utviklinga til skulen.
- Medlemskap i SPK pensjonsordning.
Kontaktinformasjon
Ole Henrik Wahlquist, Verksemdsleiar/Rektor, 70 16 29 81
Arbeidsstad
Husafjellet 11
6009 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Ålesund kommune
Referansenr.:4191813312
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2020
Sluttdato: 31.07.2021
Søknadsfrist: 01.03.2020
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er <<nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet>>.
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.