Er du energisk og uredd? Me søkjer jobbspesialist
Stillingsannonsen er inaktiv.NAV Stord (regionkontor Sunnhordaland)
Bandadalsplassen 5, 5417 Stord
Org. nr: - Stillingsident: 4374583748 Presentasjon av stillingen:
Har du lyst til å jobbe i eit engasjerande og nyskapande miljø? Har du gode kommunikasjonsevner og er ein nettverksbyggjar som vil jobbe med rekruttering? Er du ein person med mykje pågangsmot, som kan vera både tydeleg og direkte? Er du ein menneskekjennar? Då er du sannsynlegvis akkurat den me ser etter.
Utvida oppfølging i NAV i region Sunnhordland skal styrke teamet og har no ledig stilling som jobbspesialist. Ei utviding av det eksisterande teamet vil gje oss moglegheit til å kunne følgje opp personar som treng bistand til å fullføre opplæringsløp (lærlingar og praksiskandidatar), i tillegg til arbeidssøkjarar som treng bistand til å få og behalde ordinært arbeid.
Jobbspesialistane jobbar etter Supported Employment-metodikken, noko som inneber tett oppfølging av brukarar, målretta ressurskartlegging, jobbsøk, samt jobbutvikling i nært samarbeid med arbeidsgjevarar i lokalmiljøet.
Ansvarsområde og arbeidsoppgåver:
- Identifisere jobbsøkarane sine interesser, sterke sider, ferdigheitar og evner, samt “matche” dei opp mot rette jobbar/arbeidsgjevarar
- Booke møter med potensielle arbeidsgjevarar og oppsøkje verksemder -- vera mykje på farta
- Jobbe tett med arbeidsgjevarar og deltakarar
- Skape gode relasjonar med aktuelle samarbeidspartnarar
- Dokumentere skriftleg i NAV sine saksbehandlingssystem
- Engasjere og motivere både jobbsøkjarar, arbeidsgjevarar og kollegaer
- Oppfølging av 12-20 deltakarar, med krav om 65 % overgang til arbeid eller utdanning
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- utdanning på minimum bachelornivå frå universitet eller høgskule. Relevant erfaring kan kompensere for kravet om utdanning
- førarkort klasse B
- gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheitar
- god digital kompetanse
Det er ønskjeleg at du:
- har erfaring med inkludering, rekruttering og veiledning
- har kjennskap til Supported Employment
- har erfaring frå karriereveiledning og samtalemetodikk
Personlege eigenskaper
For å lykkast i denne jobben, er det viktig at du:
- har trua på at alle menneske til tross for helseproblem kan få, og behalde ein vanleg jobb
- har evne til å jobbe resultatorientert og samtidig vera opptatt av god kvalitet
- likar å byggje relasjonar og skape motivasjon
- kan arbeide målretta, nøyaktig og effektivt
- trivst med å bli fylgt opp på resultat
- er ein lagspelar som kan dele erfaringar og kontaktar i teamet
- kan handtere uforutsigbare situasjonar i eit dynamisk miljø
Me tilbyr
- Ei spanande stilling i eit innovativt og endringsvillig arbeidsmiljø prega av kompetanse og marknadsorienterte haldningar
- Gode høve til personleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid
- Stillinga er løna i stillingskode Rådgjevar 1434 i lønnsspenn frå 482.200 - 507. 400 pr. år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
- Gode pensjonsordningar gjennom Statens Pensjonskasse (frå løna blir det trekt 2%)
Kontaktinformasjon
Anlaug Rygg Svensen, fungerande regiondirekør, 41238596, anlaug.rygg.svensen@nav.no
Maria Danuta Sadowska, avdelingsleiar, 95096808, maria.danuta.sadowska@nav.no
Arbeidssted
Bandadalsplassen 5
5417 Stord
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:NAV
Referansenr.:4374583748
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.04.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
NAV Stord (regionkontor Sunnhordaland)
Adresse
Bandadalsplassen 7, 5417 Stord
NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
NAV består av 19 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
For å kunne levere best mogleg tenester er det viktig med mangfald i rekrutteringa. Vi oppmodar derfor personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV-en til å søkje jobb hos oss. Vi legg arbeidsforholda til rette for deg viss du har behov for det. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 26. april 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4374583748_NAV Stord (regionkontor Sunnhordaland)_webcruiter
Stillingsnummer: ee07a94b-cd55-426d-8f2b-f48309546b82