Ferievikarar ved Surnadal sjukeheim 2023
Har du lyst til å arbeide som ferievikar ved Surnadal sjukeheim i sommar?
Vi har behov for vikarar frå starten av juni månad og ut august.
Faste tilsette i Surnadal kommune som kan tenkje seg å arbeide ekstra i ferietida treng ikkje å søke, men kan melde dette til konst.einingsleiar Jenny Nordheim.
Det same gjeld for deg som har ein tidsavgrensa avtale, t.d ekstrahjelp/tilkalling eller engasjement.
Det er fint om du skriv i søknadsteksten om kor mykje du kan arbeide og om det er veker som ikkje er aktuelle for å vere vikar.
Kvalifikasjonar:
Du kan vere sjukepleiar eller sjukepleiestudent, vernepleiar eller vernepleiestudent, hjelpepleiar/helsefagarbeidar eller omsorgsarbeidar.
Om du ikkje har helsefagleg utdanning, men har lyst til å arbeide hos oss er du også velkomen til å søke. Legestudentart er også velkomne til å søke.
For å kunne utføre arbeidsoppgåvene må du kunne kommunisere godt på norsk, både muntleg og skriftleg.
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.
Ordinære ferievikarar hos oss må vere fylt 18 år når dei startar i jobb.
Vi ønskjer oss ferievikarar som:
- har gode samarbeidsevner og er rause og imøtekomande
- som kan arbeide systematisk og sjølvstendig
- som har god arbeidskapasitet
Vi tilbyr:
- opplæring og rettleeing
- kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff
- eit godt arbeidsmiljø med triveleg og flinke kollegaer
Ta gjerne kontakt med oss ved Surnadal sjukeheim om det er noko du lurar på!
Link til søknadsskjema: Søk her