Rådgivar, juridisk seksjon
Vi søker etter
Juridisk rådgivar i 100 % fast stilling.
Vil du ha ein variert arbeidskvardag som jurist? Er du initiativrik og løysingsorientert? Er du god til å samarbeide og sette deg inn i komplekse saksområde, samtidig som du tek ansvar og arbeider effektivt og sjølvstendig? Då kan du vere den vi leiter etter!
Du får jobbe med
- Generell juridisk rådgjeving innan offentleg forvaltning, herunder forvaltningsrett, kommunalrett, offentleglova
- Juridisk bistand i enkeltsaker innan dei ulike tenesteområda i fylkeskommunen
- Sekretariat/sakshandsaming fram til klagenemnda i fylkeskommunen
- Juridisk bistand i forbindelse med inngåing av avtalar og kontraktar på ulike tenesteområda i fylkeskommunen
- Opplæring/informasjon i eigen organisasjon
Ønska kompetanse
Vi søker etter medarbeidar med:
- Juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap
- Erfaring frå juridisk sakshandsaming eller anna juridisk arbeidserfaring frå offentleg eller privat verksemd er ønskeleg,
men nyutdanna er også velkomne til å søke
I tillegg blir det lagt vekt på personlege ferdigheiter som:
- evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
- godt humør og evne til samarbeid og kommunikasjon, så vel internt som eksternt
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god evne til å sette seg inn i komplekse saksområde
Vi tilbyr
- varierte arbeidsoppgåver
- ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- fleksitidsordning
- løn etter avtale
Om arbeidsplassen
Stillinga er plassert i sentraladministrasjonen, Stab for Juridiske og administrative tenester, for tida med arbeidsstad i Molde. Stabsavdelinga for Juridiske og administrative tenester er organisert i 5 seksjonar - Innkjøp, Dokumentsenteret,
Utvalssekretariatet, Fellestenesta og Juridisk seksjon. Avdelinga har f.t. 42 medarbeidarar i faste stillingar, med kontorlokale ved Fylkeshusa i Molde. På Juridisk seksjon er det i dag 3 juristar inkludert seksjonsleiar.
Som jurist i Møre og Romsdal fylkeskommune får du vere del av ein seksjon som yter juridisk rådgiving innan eit vidt spekter. Med basis i grunnleggande regelverk slik som forvaltningsrett, kommunalrett, offentleglova mv., yter seksjonen juridisk rådgiving innan heile fylkeskommunen sin portefølje, slik som til dømes utdanningsrett, arbeidsrett, kontraktsrett, eigedomsrett, plan- og bygningsrett, veglova m.v. Seksjonen har organisert arbeidet slik at juristane er hovudkontakt for kvar sine avdelingar i fylkeskommunen, men likevel slik at handtering av det enkelte oppdrag vert fordelt eller løyst i samarbeid mellom juristane etter kompetanse og kapasitet innad i seksjonen.
Andre opplysningar
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.