Driftsteknikar ved Kristiansund vgs
I bygg- og eigedomsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune er det ledig ei fast 100 % stilling som driftsteknikar på Kristiansund videregående skole.
Du får jobbe med
Arbeidsoppgåvene omfattar drift og vedlikehald av bygg, tekniske anlegg, uteareal og serviceoppgåver overfor brukarane av bygga. Dette betyr ansvar for oppfølging av internkontroll og periodiske driftsoppgåver, avvikshandtering, reparasjonar, mindre vedlikehald og utskiftingar, oppfølging av serviceavtaler og rapporter frå tilsynsmyndigheter. Det blir brukt FDV-system til planlegging og organisering av arbeida.
Stillinga inngår i eit team som i hovudsak har ansvar for Kristiansund og Atlanten vidaregåande skolar. Arbeidssted vil vere i Kristiansund. Driftsteknikaren vil ha ein fast arbeidsstad, men vil også bidra i drifta av dei andre bygga i teamet. Innan kvart team er det ønskelig at driftsteknikarane har eit eller fleire fagområde der dei kan bidra med faglig støtte til resten av teamet.
Vi søker deg som har
- fagbrev i byggdrift, elektro, VVS, bygningsfag eller anna relevant fagutdanning
- relevant praksis innan drift og vedlikehald av bygningar og tekniske anlegg
- brei og god teknisk interesse, kompetanse og forståing
- god kunnskap om bruk av IKT som arbeidsverktøy
- erfaring med SD-anlegg og byggautomasjon
- førarkort klasse B
Vi ser etter deg som:
- liker å ta ansvar og jobbar sjølvstendig
- er serviceinnstilt og løysningsorientert
- er positiv, engasjert og samarbeidsvillig
- er fleksibel og villig til å stå på litt ekstra ved behov
- kan snakke og skrive godt norsk
Vi tilbyr
- utfordrande og varierte oppgåver i eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar
- gode muligheiter for faglig utvikling og opplæring
- fleksibel arbeidstid
- offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
- løn etter avtale
Om arbeidsplassen
Bygg- og eigedomsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen si eigedomsmasse. Eigedomsmassen består i hovudsak av vidaregåande skolar med eit samla bruttoareal på om lag 215.000 m2.
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.