Rettleiar NAV
Stillingsannonsen er inaktiv.NAV, Bømlo kommune
Kulturhusvegen 19, 5430 Bremnes
Er du god på relasjonsbygging og har lyst til å jobbe i NAV?
NAV Bømlo har over 30 engasjerte medarbeidarar, og no søkjer me etter ein ny kollega.
Me har ledig ei fast 100% stilling som rettleiar i kommunale tenester.
Arbeidsoppgåver
- Saksbehandlig etter lov om sosiale tenester i NAV.
- Økonomisk rådgjeving.
- Oppfølging av tenestemottakarar med rettleiing av god kvalitet, der målet er arbeid og aktivitet.
- Identifisere tenestemottakarar sine interesser, styrkar og kompetanse.
- Finne gode løysingar i samhandling med tenestemottakar, bedrifter eller tenesteapparat.
- Endringar i arbeidsoppgåver må påreknast ut frå verksemda sine behov.
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig høgare utdanning, gjerne innan sosial- juridisk, eller samfunnsfagleg retning.
- God kjennskap til, eller erfaring frå økonomisk rådgjeving.
- God kjennskap til, eller erfaring med saksbehandling og oppfølging av menneske i vanskelege livssituasjonar.
- Gode munnlege og skriftlege kunnskapar i norsk.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- er god til å bygge relasjonar og skape motivasjon.
- har evne til å vere fleksibel, omstillingsorientert og til å takle uføresette situasjoner.
- er serviceinnstilt, målretta, strukturert og effektiv.
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Bedriftshelseteneste.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Eit levande fagmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling saman med dyktige og trivelege arbeidskollega.
Kontaktinformasjon
Synne Halleraker, Avdelingsleiar, 91807383, synne.halleraker@nav.noElisabeth Haugen, Leiar, 91125279, elisabeth.haugen@nav.no
Arbeidsstad
Kulturhusvegen 195430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bømlo kommuneReferansenr.:4586807990
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.12.2022
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
NAV, Bømlo kommune
Adresse
5430 Bremnes
Hjemmeside
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Raus – hos oss er det takhøgde, det er lov å prøva og feila. Me er lyttande, møter menneske med respekt, er inkluderande i vår omgang med andre og i utøving av arbeidet vårt. Me byggjer relasjonar og ser på mangfald som ein ressurs
Modig – me vågar å tenkje utanfor boksen, me er kreative, prøver, ser moglegheiter, me er handlekraftige, står for det me gjer, tek nye utfordingar, toler endring, ser at omstilling er nødvendig og er opptatt av utvikling som betrar tenestene.
Engasjert – driftige medarbeidarar som er opptekne av jobben sin, av å yte gode tenester og utvikle seg og sine kollegaer for å yte sitt beste. Dette får ein til igjennom samarbeid internt og samskaping eksternt.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Om stillingen
Stillingstittel
Rettleiar NAV
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 5. desember 2022
Hentet fra: talentech
Referanse: 7be993cb159e459180f3a4baeebb7c88
Stillingsnummer: edb456e9-b91b-4b0b-84b2-989e33c56ac7