Me treng fleire dyktige lærarar på Skodvin Montessoriskule. Er du ein av dei?
Stillingsannonsen er inaktiv.Skodvin Montessoriskule
Skodvinvegen 1, 5956 Hundvin, Alver
SKULEÅRET 2020/21 Lærarstilling på Skodvin Montessoriskule
Me treng fleire dyktige lærarar på Skodvin Montessoriskule. Er du ein av dei?
Me har eit godt arbeidsmiljø, fantastiske elevar og ein spanande pedagogikk. Uteskule, skulegard og praktisk aktiv læring er noko me satsar på skuleåret 20/21.
Dette skuleåret skal dei tilsette på studiebesøk til Montessoriskular i Europa.
Skulen har fått stønad frå Erasmusprogrammet.
Me søkjer deg med fagleg kompetanse som vil vera med å utvikla ein god Montessoriskule, med godt skulemiljø der teamarbeid, klasseleiing og relasjonskompetanse står sentralt.
Frå 01.08.20 har me ledig undervisningsstilling i 100% på 7.trinn.
Ein kan tiltre i stillinga seinare, etter avtale med rektor. (seinast etter haustferien)
Vikariat, med mogelegheit for fast tilsetjing.
Arbeidsoppgåver
Undervisning/kontaktlærar
Samarbeid med kollegaer og elles det som fell naturleg i forhold til ei lærarstilling
Kvalifikasjonar
Lærarutdanning som dekker kompetansekrava i minst eit av faga norsk, matematikk og engelsk.
Montessoripedagogikk eller vilje til å setje seg inn i/utdanne seg innan montessoripedagogikken.
Me krev gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar Gode pedagogiske evner
Evne til å byggje gode relasjonar med elevar og medarbeidarar
Positiv og utviklingsorientert
Me søkjer deg som er stabil, har god evne til klasseleiing, og som både kan arbeide sjølvstendig og i team.
Du må leggje fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding. Tilsetjinga skjer etter gjeldande lov og avtaleverk.
Interne søkjarar med eventuell fortrinnsrett vil verte vurdert først.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Skodvin Montessoriskule
Adresse
Skodvinsvegen 1, 5956 Hundvin
Hjemmeside
Facebook
Skodvin Montessoriskule vart starta opp hausten 2015. Skulen har 76 elevar frå 1. til 7. trinn.
Miljøet er tilrettelagt for borna med praktisk arbeidsmateriale i barnevenleg høgde.
Etableringa av skulen har gått svært bra.
Om stillingen
Stillingstittel
Montessoripedagog/grunnskulelærer
Antall stillinger
1
Oppstart
Etter avtale
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 31. august 2021
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: edabbd8a-c179-45a2-bed1-1b334ad82513
Stillingsnummer: edabbd8a-c179-45a2-bed1-1b334ad82513