Lærar i norsk - 50% fast frå 01.08.20
Stillingsannonsen er inaktiv.Firda vidaregåande skule, Vestland fylkeskommune
Firdavegen 21, 6823 Sandane
Org. nr: 974571161 Stillingsident: 4218182698 Presentasjon av stillingen:
Firda vidaregåande skule ligg i kommunesenteret Sandane i Gloppen kommune, sentralt i Nordfjord, ved E39 og 10 km frå flyplass. Skulen har 390 elevplassar og om lag 70 tilsette. Store delar av skuleanlegget er nytt. Anlegget er svært godt tilpassa utdanningsprogramma våre: studiespesialiserande, idrett og musikk, dans, drama. I tillegg har skulen grunnskuleutdanning for minoritetsspråkleg ungdom og vaksenopplæringstilbod innan tannhelsesekretær, betong- og plast og helsearbeidar.
Vi søkjer etter lærarar med god fagleg og pedagogisk kompetanse, og evne og lyst til å skape gode læringsarenaer for våre elevar.Det er mogeleg å kombinere dei ulike stillingane.
Arbeidsoppgåver
Den som vert tilsett må kunne undervise i norsk på vidaregåande nivå. Det er ynskjeleg at den som vert tilsett har utdanning på masternivå i faget.
Kvalifikasjonar
Høgskule eller universitetsutdanning i aktuelle fag. PPU eller anna godkjent undervisningskompetanse, og gode didaktiske og pedagogiske ferdigheiter.
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at søkjaren:
- Kan jobbe i team
- Er god på relasjonsbygging og har gode evner til å kommunisere
- Arbeider sjølvstendig
- Er kreativ og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
- Pensjons- og forsikringsordningar
- Godt fag- og arbeidsmiljø
Søknadsfrist: 16.04.2020
Meir informasjon om skulen finn du på nettsida, www.firda.vgs.no. Det blir teke atterhald om tilsetjing, då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stillingane. Det blir og teke atterhald i forhold til endringar i stillingsplanarbeidet og prosess knytt til aktuelle permisjonssøknader.
Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema. Ta med attestar og vitnemål til eit eventuelt intervju. Gje opp minst to referansar.
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf. opplæringslova. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Tilsetjinga vert gjort med prøvetid på 6 månadar. Det er eit vilkår om godkjend politiattest av ny dato for å bli tilsett i vidaregåande skule. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Nærare opplysningar om stillingane får du ved å vende deg til rektor Hallgeir Hansen, tlf. 415 30 885, eller avdelingsleiar Jørgen Husbyn, tlf. 952 41 575.
Kontaktinformasjon
Hallgeir Hansen, Rektor , 415 30 885
Jørgen Dølvik Husbyn, Avdelingsleiar, 952 41 575
Arbeidsstad
Firdavegen 21
6823 Sandane
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4218182698
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 16.04.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Firda vidaregåande skule, Vestland fylkeskommune
Adresse
Firdavegen 21, 6823 Sandane
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
1. august 2020
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 17. april 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4218182698_Firda vidaregåande skule, Vestland fylkeskommune_webcruiter
Stillingsnummer: ed682760-ff6c-4989-9d68-2e506836c16a