Vi er på jakt etter Markedssjef til Enivest AS
Early warning!
Fiberbreiband og tenester er grunnmuren i det digitaliserte samfunnet.
Enivest er på jakt etter Markedssjef til nyoppretta stilling, som vil få overordna ansvar for markedsføring, merkevarebygging og kommunikasjon.
Som person må du evna å tenkje strategisk, samtidig som du må vera operativ. Du må vera framoverlent, resultatorientert og opptatt av å forstå kundereisa.
Rolla rapporterer direkte til Dagleg leiar, og vert del av leiargruppa.
Full utlysing av stillinga kjem i august
Har du spørsmål, kontakt gjerne ein av våre rådgjevarar hjå Headvisor; Per Jorem (40021560) eller Janne Siri Horne (90721164).
Om bedriften
Enivest AS vart skipa i år 2000, og er i dag eit breibandselskap i sterk positiv utvikling som arbeider aktivt med integrasjon av ulike tenester innanfor internett, datakommunikasjon, TV, lagringsteneste, telefoni med meir. Våre hovudaksjonærar er BKK AS og Sogn og Fjordane Energi AS. Vi er 57 tilsette på vårt hovudkontor i Førde, og har 2 tilsette ved avdelingskontoret vårt i Sandane. Målt etter tal kundar og omsetnad er Enivest AS den største IKT verksemda i Sogn og Fjordane. Sjå meir om Enivest AS på våre nettsider: www.enivest.no