Miljøterapeut ved dagsenter for demente
Org.nr.:942 952 880 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Dagsenter for demente ved Vågsøy omsorgssenter har ledig følgande stillingar:
- 100 % prosjektstilling miljøterapeut ut året 2019, med moglegheit for forlenging.
- 80 % prosjektstilling miljøterapeut ut året 2019, med moglegheit for forlenging.
Dagsenteret har som målsetting å bidra til ein aktiv kvardag og halde ved like den enkelte brukar sine ressursar slik at den enkelte kan bu heime i eigen bustad så lenge som mogleg. Tenesta er under utvikling. Vi søker etter deg som har interesse for arbeid med eldre, er kreativ og engasjert.
Vi har fått tildeling av statlige tilskot for 2019 og i samband med dette planlegger vi då også utviding av opningstider på dag/kveld og enkelte laurdagar.
Arbeidsoppgåver
- Miljøarbeid retta mot målgruppa
- Bidra til å utvikle samt gjennomføre eit variert og godt aktivitetstilbod ved dagsenteret
- Bistå i transport til og frå dagaktivitetstilbodet ved behov
- Sikre brukarmedverknad og fokus på samarbeid og tilrettelegging i forhold til brukarane sine individuelle behov
- Bidra til samhandling og samarbeid med øvrige tenester i og utanfor kommunen
Kvalifikasjonar
- Relevant fagutdanning gjerne innanfor kunst/design, musikk eller liknande kreative utdanninger.
- Erfaring frå arbeid med menneske med demens
- Gode kommunikasjonsferdigheiter
Vi tilbyr
- Eit godt og aktivt arbeidsmiljø med samarbeid på tvers av einingane
- Eit ungt fagmiljø i utvikling
- Løn etter avtale
- God pensjonsordning gjennom KLP
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknadsteksten.
For nærare opplysningar kan du kontakte Maren Sumstad Bakke tlf. 57 84 55 34 eller mobil 99 50 37 40.
Alle søkjarar til ledig stilling i Vågsøy kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.
Søknadsfrist: 12.06.2019 Link til søknadsskjema: Send søknad
Om bedriften
Vågsøy kommune er ei naturperle som ligg ytst i Nordfjord mellom Ålesund og Bergen. Næringslivet er aktivt med hovudvekt på marine næringar. Kommunen har eit godt utbygd barnehage- og skuletilbod, kultur- og idrettstilbod og eit fatastisk turterreng. Kommunen har omlag 6100 innbyggjarar. Måløy er kommunesenter. For meir informasjon om regionen sjå www.nordfjord.no.