Kyrkjelydspedagog/ trusopplæringsmedarbeidar
Stillingsannonsen er inaktiv.Stavanger kirkelige fellesråd
Hagatunet 4, 4160 Finnøy
Org. nr: 976993403 Stillingsident: 4431041964 Presentasjon av stillingen:
Det utlyses fast stilling som kyrkjelydspedagog/ trusopplæringsmedarbeidar i Hesby, Sjernarøy og Talgje sokn.
Det er 6 kyrkjelydar i sokna, med gudstenester, kyrkjelege handlingar, diakonale tiltak og trusopplæringstiltak. Desse er fordelt på 6 øyriker kor Finnøy og Talgje er landfast. Fogn, Halsnøy, Sjernarøyane og Ombo er ikkje landfaste øyar. Dit kjem ein ved å ta ferje eller evt hurtigbåt.
Dei tre sokna har ein felles trusopplæringsplan (0 -- 18 år) som er styrande for trusopplæringsarbeidet. Nokre tiltak er knytta til dei enkelte sokna og skjer på kvar øy, medan andre tiltak er felles og målgruppa blir invitert til ei av øyane. Det er utnemnt eit trusopplæringsutvalg kor den ansatte er medlem og har sekretærfunksjon.
Staben har kontorfellesskap på Judaberg på Finnøy. Det er tilsett 2 sokneprestar, dagleg leiar, kantor i 10 - 50 % stilling og utadretta ressursstilling i 50 %.
Ein del av denne stillinga er knytta til organisering av eit felles ungdomstiltak som er i Finnøy fleirbrukshall på Judaberg.
Arbeidsoppgaver
- Leie og utvikle trusopplæringsarbeidet i sokna
- Motivere og tilrettelegge for kontinuerlege tiltak der det er behov for det.
- Vere ein del av konfirmantarbeidet
- Legge til rette for at ungdom skal ha eit godt lokalt rusfritt tilbod og samtidig utvikle trua si
- Er sjølvstendig, fleksibel og innstilt på samarbeid
- Rekruttere frivillige medhjelperar.
- Samarbeide med organisasjonslivet i Finnøy.
Kvalifikasjoner
- Relevant 3-års høgskuleutdanning innen kristendom og pedagogikk. Anna utdanning kan og vere aktuell.
- Må kunne jobbe både sjølvstendig og i team, både med stab og frivillege.
- Ha god formidlings- og samhandlingsevne i møte med barn, unge og foreldre.
- Søkjer må vere medlem av Den norske kyrkje.
- Tilfredsstillande politiattest i hht Trossamfunnsloven § 20 må bli framlagt før tilsetting
- Søkjer må beherske norsk skriftleg og muntleg.
Personlige egenskaper
- Gode leiaregenskapar.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner til arbeid med stab og frivillege medarbeidearar,
- Vere initiativrik, kreativ, sjå moglegheiter og ha gjennomføringsevner.
- Kunne arbeide strukturert, sjølvstendig og målretta.
- Evne til nytenking og god skriftleg og muntlig formidlingsevne.
- Personleg eigna og motivasjon for stillingen vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Lønn ut frå bachelorgrad eller tilsvarande, etter avtaleverket på kyrkjeleg sektor.
- Godt sosialt og åndeleg fellesskap.
- Engasjerte kyrkjelydar
- Breitt arbeidsfelt
- Fleksibel arbeidstid.
- Kvelds- og helgearbeid må påreknas.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar, pliktig medlemskap i KLP med 2 % trekk i brutto lønn
Kontaktinformasjon
Olaug Mestad Slettbakk, Personalkonsulent, 936 59 296
Heidi Bø Sangedal, Daglig leder, 47010909
Arbeidssted
Hagatunet 4
4160 Finnøy
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Stavanger kirkelige fellesråd
Referansenr.:4431041964
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 28.10.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Stavanger kirkelige fellesråd
Adresse
Hagatunet 4, 4160 Finnøy
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 29. oktober 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4431041964_Stavanger kirkelige fellesråd_webcruiter
Stillingsnummer: ed245134-b7fc-487d-9b88-40cf1014f101