Barne- og ungdomsarbeidar
Velkomen til oss!
Har du lyst til å jobbe saman med oss med å gi barn og unge ein god barndom? Har du i tillegg ei utdanning som barne- og ungdomsarbeidar? Då bør du gripe denne sjansen til å søkje jobb i Valle og Hylestad barnehagar! Vi kan tilby deg ein viktig og meiningsfylt jobb i eit godt arbeidsmiljø, og håpar at du vil vere med på laget.
Vi har no ledig ei fast stilling i 100% som barne- og ungdomsarbeidar frå d.d. Vi ser fram til søknaden din!
Arbeidsoppgåver
- Medansvar for å planlegge og gjennomføre spesialpedagogisk arbeid i barnehagen
- Få veiledning av ppt
- Omsorg for det enkelte barnet og barnegruppa
- Foreldresamarbeid
- Vere ein god rollemodell
- Bidra til eit godt og trygt lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
Kvalifikasjonar
- Godkjent barne og ungdomsarbeidar eller anna relevant utdanning (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved godkjenning frå Udir)
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
- Politiattest av nyare dato må leggjast fram ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Kunne arbeide sjølvstendig og målretta.
- Positiv, løysingsorientert og engasjert
- Varm, tydelig og sensitiv vaksen
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
Vi tilbyr
- Eit spennande fagleg miljø i endring og utvikling
- Godt arbeidsmiljø og engasjerte vaksne
- Løn etter gjeldande tariff
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
- Bedriftsleilegheit sentralt i Kr.sand
- Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode kultur- og fritidstilbod for ulike interesser og aldersgrupper
- Ei triveleg bygd å bu i
CV, vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter. Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal pregast av mangfald.
Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
Kontaktinformasjon
Stine Haugeland, leiar, 98667143Arbeidsstad
Kjellebergsvegen 14747 Valle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Valle kommuneReferansenr.:4583750887
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 05.12.2022
Søknadsfrist: 27.11.2022
Om bedriften
Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.
Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/