Sekretariatsmedarbeidar - jurist
Jobbnorge ID: 188144
Om stillinga
Ytringsfridom er både ein individuell menneskerett og ein føresetnad for eit fungerande demokrati. Det er 20 år sidan den førre Ytringsfridomskommisjonen greia ut grunnlovsvernet av ytringsfridomen. I mellomtida har det skjedd store endringar som utfordrar ytringsfridomen. For å sjå nærare på dei sosiale, teknologiske, juridiske og økonomiske rammene og føresetnadene for ytringsfridom i vår tid, oppretta regjeringa 14. februar ein ny ytringsfridomskommisjon. Stillinga varar fram til kommisjonen skal levere utgreiinga si 1. mars 2022.
Kommisjonen har per i dag eit sekretariat med to tilsette på heiltid. Sekretariatet skal no utvidast med ein jurist for å styrke arbeidet med dei juridiske sidene av kommisjonen sitt arbeid. Sekretariatet er formelt knytt til Kulturdepartementet, men skal rapportere direkte til leiaren for kommisjonen.
Arbeidsoppgåver
Bidra med juridiske vurderingar og utgreiingar til kommisjonen. Utarbeide tekstutkast, skrive referat og rapportar. Bidra til praktisk gjennomføring av møte og reiser i samarbeid med sekretariatsleiaren.
Kvalifikasjonar
Du må ha juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap og høg generell juridisk kompetanse. Relevant erfaring og kjennskap til saksområdet er ein fordel. Du må vere god til å uttrykke deg munnleg og skriftleg på norsk. Vi legg elles vekt på at du er analytisk og samfunnsorientert, fleksibel og initiativrik, har stor arbeidskapasitet, og at du har evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert. Du må kommunisere og samarbeide godt. Arbeidet krev stor grad av sjølvstende og evne til å sikre framdrift i arbeidsprosessar. Vi legg også vekt på evne til å tenke strategisk og til å koordinere større arbeid.
Stilling og lønn
Stillinga er plassert i stillingskode 1436 rådgivar med brutto årslønn mellom kr 480 000 og kr 570 000, eller stillingskode 1364 seniorrådgivar med brutto årslønn mellom kr 560 000 og kr 670 000, avhengig av kvalifikasjonar.
For å bli plassert i stillingskode 1364 seniorrådgivar må du ha minimum fem års røynsle som er direkte relevant for stillinga. For spesielt kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vere aktuelt.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Det er derfor eit personalpolitisk mål å få til ei balansert samansetjing av tilsette på tvers av alder og kjønn, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid og utdanning i ein lengre periode. Opplysningar om dette kan bli brukt til registerformål. Vi vil leggje til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Offentleg søkarliste og kontakt
Dei som søker, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentliggjorde, sjølv om søkarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord.
Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med Lars Brustad på mobil 932 98 447 eller ekspedisjonssjef Christine Hamnen på mobil 976 66 299.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Kulturdepartementet (KUD) har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri.
Departementet har om lag 160 tilsette, fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining. Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no.