100% fast stilling som barnehagelærar
Vi tilbyr:
● Gode og ordna tilsettinsgtilhøve i ein veldriven foreldreeigd barnehage med ordna økonomi.
● Godt arbeidsmiljø med trivelege kolleger og godt fagleg samarbeid.
● Gode utviklingsmuligheiter fagleg og pedagogisk.
● God pedagog- og vaksentettleik. Vi har 2 pedagogar + styrar. I tillegg har vi godt erfarne assistentar.
● Lønn av tilsettingsvilkår etter gjeldande avtaleverk. Vi har tariff- og pensjonsavtale gjennom PBL-A med svært gode lønn- og pensjonsvilkår.
Vi søkjer etter ein person som er:
● God på kommunikasjon og rettleiing og er motiverande både for born og vaksne.
● Viser stort engasjement, har evne til å arbeide sjølvstendig, og er glad i å "ta i eit tak" når det trengs.
● Er kreativ og iderik og kan vere nytenkjande når det trengs.
● Er god på samarbeid med andre vaksne, fleksibel og imøtekomande.
● Det er ikkje noko krav, men slett ingen ulempe, om du er mann.
Før oppstart må godkjend politiattest for arbeid i barnehage leggast fram.
Ved manglande formell godkjend barnehagelærarutdanning, kan søkjarar med anna relevant utdanning og/eller praksis verte vurdert for mellombels tilsetting i barnehageåret 2019-2020.
... og om du framleis er i tvil om du skal søkje på arbeid hos oss.... så bør visjonen for barnehagen overbevise deg - Trollhaugen Barnehage - Liten, med stort hjarte!
Har du spørsmål om stillinga kan du kontakte styrar Gro Anita Loen Sve, tlf: 93401213 / 91332125
Om bedriften
Trollhaugen barnehage , Stranda SA er ein privat, foreldreeigd barnehage i utkanten av Stranda sentrum. Vi har ei avdeling og er godkjent for 30 plassar for born frå 0-6år. Vi held til på eit nedlagt småbruk og har eit variert uteområde som inviterer til allsidig leik. Vi har eiga løe og fint turområde i skogen rett bak barnehagen. "Mia" og "Trampe" - dei to kaninene våre, er gode kose-kameratar for borna.
Vi er ein liten barnehage og er stolte av det. Vi ser ein stor verdi i at born frå ulike aldersgrupper er saman i leik, måltid og aktivitetar elles.
Vi er med på <<Livsglede for eldre>>, og besøker Stranda Omsorgssenter jamnleg.
Stranda tettstad med ca 4600 innbyggjarar, ligg ved Storfjorden, midt mellom fjord og fjell. Vi ligg midt i smørauget, og det er omlag ein time til bl.a Geiranger, Ålesund og Trollstigen. Her er uendelege moglegheiter for den som likar seg i fjellet eller på sjøen både sommar og vinter. T.d skikøyring på Strandafjellet, sykkel, fotturar, padling og fiske.