Radiograf - vikariat
Org. nr: - Stillingsident: 4390414312 Presentasjon av stillingen:
Radiologisk avdeling i Helse Førde er delt i tre seksjonar: Nordfjordeid, Lærdal og Førde, samt eininga ved SMS i Florø som er organisert under Førde.
Lærdal sjukehus er lokalsjukehus for Indre Sogn (kommunane Lærdal, Årdal, Aurland, Sogndal, Luster,
Leikanger og Vik).
Sjukehuset har medisisnk avdeling, ortopedisk avdeling, God start (barsel), Avdeling for
akuttmedisin, og poliklinikkar i medisin, ortopedi, gynekologi, øyre nese hals.
Radiologisk avdeling, seksjon Lærdal har ledig vikariat for radiograf med heimevaktordning.
Seksjonen består av 7 radiografstillingar og 2 helsesekretærar. Vi har også ein radiologstilling som per i dag blir bemanna av fleire faste vikarar. Seksjonen har CT, UL, MR og konvensjonell røntgen.
Vi søkjer etter ein person som er motivert for varierte arbeidsoppgåver, faglege utfordringar innanfor radiografifaget, og som liker å arbeide i eit hektisk miljø.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene vil vere arbeid med planlegging og gjennomføring av undersøkingar ved modalitetane CT og konvensjonell røntgen
- Tilrettelegging på UL, samt anna forefallande arbeid inngår også i arbeidsoppgåvene
- Samarbeid med andre einingar og profesjonar
- I stillinga inngår heimevaktsordning med heimevakt på kveld, natt og helg
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som radiograf
- Må meistre norsk godt både munnleg og skriftleg
- Gode språkkunnskaper er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming
- Relevant erfaring innafor CT vil bli vektlagt
- Må ha gode IKT-kunnskaper. Kjennskap til Sectra PACS/RIS er en fordel
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner, er lærevillig og likar å jobbe i eit hektisk miljø
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
- Høgt fagleg nivå
- Grundig opplæring
Kontaktinformasjon
Kathrine Søraa Kilen, Seksjonsleiar, (+47) 934 45 067
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 9
6887 Lærdal
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Førde
Referansenr.:4390414312
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 14.06.2021
Sluttdato: 14.11.2021
Søknadsfrist: 26.05.2021
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.