Styrar i Hunstad barnehage
Org. nr: - Stillingsident: 4193002747 Presentasjon av stillingen:
Hunstad barnehage er ein av fire personalbarnehagar for tilsette på Haukeland universtetssjukehus og ligg i gangavstand til sjukehuset. Barnehagen har plass til om lag 40 barn og har 12 årsverk. Barnehagen er organisert i to baser. Vår dyktige styrar gjennom mange år går av med pensjon etter sommaren, og vi søkjer difor ein ny styrar. Vi ser etter deg som likar å arbeide med barn og som vil arbeide for at dei skal ha gode og trygge barneår i denne barnehagen.
Vi søkjer ein styrar til Hunstad barnehage som ønskjer å leie og vidareutvikle barnehagen som ein pedagogisk og lærande organisasjon i tråd med lover og forskrifter, og som vil inspirere og involvere medarbeidarar i arbeidet mot felles mål.
Barnehagane er ei avdeling i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen. Divisjonen leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til foretaket.
Arbeidsoppgåver
- Styrar har ansvar for dagleg drift og styring av personellressursane
- Styrar er leiar av barnehagen og har det pedagogiske, økonomisk-administrative og personalmessige ansvaret for barnehagen
- Styrar har ansvar for forsvarleg og effektiv drift innanfor ramma i budsjettet, skal stimulere til fagleg utvikling av tilsette og eit godt arbeidsmiljø
- Styrar rapporterer til barnehagesjefen og inngår i barnehagesjefen si leiargruppe
- Styrar leier utviklinga av eigen barnehage og medverkar til utvikling av barnehagane i Helse Bergen
Kvalifikasjonar
- Utdanning som førskolelærar/barnehagelærar
- Brei erfaring frå arbeid i barnehage
- Det vil bli lagt vekt på relevant leiarerfaring
- Utdanning som barnehagestyrar kan vere ein fordel, men erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
Utdanningsretning
- Pedagogikk
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Har evne og vilje til å leie
- Har evne til å få frem det beste i folk
- Har gode samarbeidsevner
- Har god kommunikasjonsevner
- Kan inspirere og rettleie dei tilsette
- løysingsorientert og handlekraftig
Vi tilbyr
- Ein utfordrande leiarstilling i eit godt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Kontaktinformasjon
Inger Johanne T. Klausen, Barnehagesjef, 55 97 63 86
Arbeidsstad
Jonas Lies vei 59
5053 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4193002747
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.03.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.