Leiar Bømlo Opplæringskontor
Org. nr: 834210622 Stillingsident: 4456515923 Presentasjon av stillingen:
Bømlo Opplæringskontor er eit tverrfagleg opplæringsorgan for kommunale og private verksemder i Bømlo. Kontoret har tilsett 1,4 årsverk.
Bømlo Opplæringskontor skal koordinera samarbeidet mellom skule og arbeidsliv, inkludera nye medlemsverksemder og bidra til rett rekruttering til fagopplæring i vår kommune. Kontoret skal følgja opp lærlingar ute i verksemdene og jobbe saman med medlemane for å gje eit solid og heilskapleg tilbod fram mot fagbrev. Du vil vere tilsett i Bømlo kommune, men utføra oppgåver for Bømlo Opplæringskontor.
Me ser etter deg som jobbar sjølvstendig, som har interesse for ungdom og utdanning og ser kor viktig det er å utviklar gode relasjonar mot privat og kommunalt arbeidsliv for å siker den beste fagopplæringa for ungdom som får læreplass i ei av våre flotte verksemder.
Stillinga rapportera til personalsjef i Bømlo kommune, som har personalansvaret, samt styret i Bømlo opplæringskontor. Les meir om oss på bomlook.no/.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg drift av opplæringskontoret
- Vera eit serviceorgan for medlemsverksemdene
- Følge opp lærlingar, lærekandidatar og praksiskandidatar frå start til mål
- Støtta medlemsverksemder i arbeidet med å ta inn lærlingar
- Koordinera samarbeid mellom skule, skuleeigar/myndigheiter og verksemder med særleg fokus på å sikre god fagleg kvalitet på fagopplæringa
- Skal bidra til å støtte opp under marknadsføring av linjetilbod/utdanningsmoglegheiter ved dei vidaregåande skulane i kommunen, og vere ein pådrivar for rekruttering av framtidige fagarbeidarar gjennom å tilby relevante læreplassar i samarbeid med medlemsverksemdene
- Leggja til rette for og gjennomføre kurs og samlingar
- Marknadsføra opplæringskontoret og medlemsverksemdene på utdanningsmesser, ulike andre arrangement og i SoMe
- Rekrutterer fleire medlemsbedrifter
Kvalifikasjonar
- Du har relevant høgare utdanning
- Du har gode IT-kunnskap og ser at det er viktig å dokumentera prosessar som sikrar god kommunikasjon mellom skule og arbeidsliv
Personlege eigenskapar
- Du er ein pådrivar, med evne og interesse for å byggja relasjonar, skapa tillit og motivera
- Gode samarbeids- og gjennomføringsevner
- Løysingsorientert, nøyaktig og strukturert
- Gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
Røynsle frå ulike dela av arbeidslivet og kjennskap til lærlingordninga er eit føremon. Du har gjerne og prosjekt-/leiarerfaring.
Me tilbyr
Ei spanande og variert stilling. Løn og pensjon etter kommunal tariff.
Kontaktinformasjon
Vanja Espeland, Personalsjef, 480 17 825
Arbeidssted
Rådhuset, Leirdalen 1
5430 BREMNES
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Bømlo kommune
Referansenr.:4456515923
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.12.2021
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause , modige og engasjerte medarbeidarar.
Raus -- hos oss er det takhøgde, det er lov å prøva og feila. Me er lyttande, møter menneske med respekt, er inkluderande i vår omgang med andre og i utøving av arbeidet vårt. Me byggjer relasjonar og ser på mangfald som ein ressurs
Modig -- me vågar å tenkje utanfor boksen, me er kreative, prøver, ser moglegheiter, me er handlekraftige, står for det me gjer, tek nye utfordingar, toler endring, ser at omstilling er nødvendig og er opptatt av utvikling som betrar tenestene.
Engasjert -- driftige medarbeidarar som er opptekne av jobben sin, av å yte gode tenester og utvikle seg og sine kollegaer for å yte sitt beste. Dette får ein til igjennom samarbeid internt og samskaping eksternt.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.