Tenesteansvarleg for applikasjonar og e-læring – Naudnett
Stillingsannonsen er inaktiv.Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)
Nydalen allé 37A, 0484 Oslo
DSB har ei stilling ledig som tenesteansvarleg ved Avdeling for naud- og beredskapskommunikasjon (NBK) i Oslo.
DSB leverer eit komplett mobilnett til naud- og beredskapsaktørar i heile Noreg, og det er per dag meir enn 60 000 som nyttar tenestene i Naudnett. Dei siste åra har DSB bevegd seg i retning IP-baserte tenester, og Stortinget har vedteke at Naudnett i framtida skal realiserast i kommersielle (IP-baserte) mobilnett.
Vi ønskjer ein medarbeidar som kan planleggje og forvalte digitalt innhald til dei operative brukarapplikasjonane våre. Vi ser etter deg som kan vere med å utvikle digitale tenester for naudnettbrukarane og følgje opp e-læring. For å kunne gjere ein god jobb må du trivast med å arbeide både i team og på eiga hand, vere oppteken av brukarvennlegheit, vere målretta og like å ta ansvar.
Du skal:
- bidra til å forbetre og vidareutvikle applikasjonane/tenestene til DSB
- delta i prosjekt i samband med prosessar for brukarforbetring
- saman med brukarane kommunisere og implementere krav og brukarbehov på ein best mogleg måte
- bidra innanfor løysingsarkitektur og teknisk arkitektur for tenesteporteføljen
- sikre bruk av data og teknologi for å levere betre tenester til både tilsette og kundar
- delta i å byggje digitale løysingar basert på utfordringar og moglegheiter hos kundar og brukarar
- kvalitetssikre og vidareutvikle verktøy og rutinar
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- bachelorgrad innanfor IT (relevant erfaring kan kompensere for utdanningsgrad). Utanlandsk utdanning må vere godkjend av NOKUT
- relevant erfaring med administrasjon og leveranse av IT-applikasjonar
- god munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk og engelsk
Vi ønskjer at du:
- har erfaring med bruk av brukarsentrerte applikasjonar
- har erfaring med digitale plattformer for undervisning
- har erfaring frå beredskapsarbeid og/eller operativ bakgrunn
- er oppdatert på trendar, utviklingsmetodar og verktøy for moderne tenesteutvikling
Personlege eigenskapar:
- løysingsorientert
- gode kommunikasjonsevner
- lagspelar
- sjølvgåande
- omtanke for medarbeidarar og kundar
Vår nye medarbeidar får:
- varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- spennande fagmiljø med høg kompetanse.
- sentral plassering i Nydalen Oslo, med kort veg til offentleg transport
- mobil kontorløysing
- fleksibel arbeidstid og høve til trening i arbeidstida
- gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
- årsløn frå kr 615 000 til 677 000 (lønstrinn 66-71) som rådgivar (stillingskode 1434). Av løna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse
I denne stillinga vil du få ansvar for eigne applikasjonar/tenester og forvalte vidareutviklinga av desse områda i samarbeid med interne ressursar og underleverandørar. Du vil jobbe i team internt og med andre IT-einingar ved avdelinga og verksemder utanfor DSB.
Om avdelinga, seksjonen og stillinga
DSB varetek det statlege eigarskapet til Naudnett. Avdelinga for naud- og beredskapskommunikasjon (NBK) ved DSB har ansvaret for å drifte og forvalte Naudnett og er det statlege kompetansesenteret for naud- og beredskapskommunikasjon. Naudnett er eit landsdekkande mobilnett for naudetatar og andre beredskapsaktørar.
Stillinga er plassert i Seksjon for marknads- og brukaroppfølging (MBR), som har 14 tilsette.
Seksjonen har ansvaret for god oppfølging og kommunikasjon med Naudnett-kundane og brukarane i det daglege og ved ekstraordinære hendingar. I tillegg er seksjonen ansvarleg for å sikre effektive prosessar for innføring av nye brukargrupper og nye tenester.
Seksjonen har som mål å
- få eksisterande brukarar til å nytte seg av fleire tenester
- få fleire tenester tilpassa brukaren
- få eksisterande brukarar til å nytte Naudnett betre
- få fleire kundar til å ta i bruk Naudnett
Vi er opptekne av å levere god naud- og beredskapskommunikasjon, og jobbar kontinuerleg med å optimalisere både tenestene og brukaroppfølginga. Gjennom tenester og opplæring med fokus på brukarvennlegheit ønskjer vi å styrke evna som samfunnet har til å tole påkjenningar ved utilsikta hendingar.
Vi utviklar og lanserer fortløpande nye og spennande IP-tenester innanfor nett og mobil. Som tenesteansvarleg for applikasjonar speler du ei sentral rolle i utforminga av denne framtida.
Du vil rapportere til leiaren av seksjonen for marknad og brukaroppfølging.
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er fleksible og tilrettelegg for mobilt kontor når det er hensiktsmessig.
Offentleg søkjarliste:
Det vil bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste når søknadsfristen går ut. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentlegheitslova §25.
Kontaktinformasjon
Bjørn Morten Skudsveen, seksjonssjef, 23 00 57 00Arbeidssted
Nydalen allé 37A0484 Oslo
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)Referansenr.:4538235376
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2022
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)
Adresse
Nydalen alle 37, 0484 Oslo
Hjemmeside
www.dsb.no
DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivarar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 650 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet. Les meir på www.dsb.no
Om stillingen
Stillingstittel
Tenesteansvarleg
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 11. august 2022
Hentet fra: talentech
Referanse: 1a29aac5ae6c43af890e44a91fb26f9d
Stillingsnummer: ec8bc1c0-7445-47c2-9728-d0170922578e