Kjøkkenassistent / reinhaldar (vikariat med mulighet for fast)
Frå 01.01.22 -- 31.12.22 har vi ledig 80-100 % vikariatstilling som kjøkkenassistent/reinhald med høve for fast tilsetting på sikt. Stillinga har hovudvekt på jobben som kjøkkenassistent.
Stillinga inneber varierte arbeidsoppgåver innanfor kjøkkendrift, reinhald og serviceroller/husvert inn mot selskap og arrangement på huset.
Vi søkjer ein person som er fleksibel, nøyaktig i arbeidet og med "stå-på-vilje".
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og kompetanse ved tilsetjing. Sidan vi er ein internatskule som har drift heile døgnet, går kjøkkenpersonale 4 vekers vaktliste med jobbing kvar 4.helg og elles kveld og helg ut ifrå kva som er av selskap og arrangement på huset. Ei arbeidsveke er 35,5 t i 100 %, og vi følgjer tariff for kveld- og helgearbeid.
Kjøkken- og reinhaldsavdelinga har om lag 13 tilsette. Vi tilbyr eit triveleg arbeidsmiljø, lønns- og arbeidsvilkår etter avtale og medlemsskap i Statens pensjonskasse.
Om bedriften
Sunnmøre Folkehøgskule ligg i Ulsteinvik og har ca 120 elevar over 18 år.
Skulen er eigd av Norges KFUK-KFUM og har om lag 30 tilsette.
I tillegg til vanleg folkehøgskuledrift blir skulen brukt til catering, kurs, konferansar, selskap og overnatting.