A-54 Sjukepleiar 100% stilling Tysværtunet
Stillingsannonsen er inaktiv.Tysvær kommune
Tysværtunet aktivitet- og omsorgssenter
Beskrivelse av avdeling
Tysværtunet aktivitet og omsorgsenter er 1 av 3 institusjonar i kommunen. Me har 12 korttidsplassar og 4 plassar avsett til Øyeblikkelig hjelp.
Tysværtunet er og base for heimebaserte tenester.
Vi søkjer
Vi søkjer etter ein sjukepleiar i fast 100% stilling hovudsakleg tilknytta heimebaserte tenester.
Arbeidsoppgåver
Stillinga inneberer at ein arbeidar i heimebaserte tenester men ein kan også pårekne vakter på korttidsavdelinga dersom behov.
Tysværtunet arbeider med å legge om drifta til meir team baserte tenester. D.v.s. ein får ei avgrensa brukargruppe som ein har spesielt ansvar for oppfølging av.
Det er turnusjobbing med arbeid 3. kvar helg.
Personlige egenskaper
Det vil bli lagt vekt på faglege ferdigheter, fleksibilitet og personlege eigenskaper.
Krav til kompetanse
Offentleg godkjent sjukepleiar
Vi tilbyr
Eit spennande og variert fagmiljø med stort fokus på fagutvikling og etisk refleksjon.
Gode kolleger som har brukaren sitt beste i sentrum.
Mentor ordning for oppfølging dei første månadene.
Lønnsvilkår
Etter gjeldande avtale og regelverk.
Slik søker du
Tysvær kommune mottar kun elektroniske søknader. Søk via linken oppe til høgre.
Ta kontakt med Servicetorget på tlf. 52757000 dersom du treng hjelp til å søkje.
Kopiar av vitnemål og attestar tar du med deg dersom du skal møte til intervju. Desse blir dessverre ikkje returnerte.
Politiattest skal heller ikkje leggjast ved søknaden din. Godkjent politiattest som ikkje er eldre enn tre månader ,må liggje føre ved tilsetting, og seinast før arbeidstakar tiltrer stillinga. Det vert teke atterhald om at merknadar på politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Tysvær kommune
Adresse
Aksdalsvegen 155, 5570 Aksdal
Tysvær kommune er sentralt plassert på Haugalandet med 11000 innbyggjarar. Kommunesenteret Aksdal ligg berre 13 km sør-aust for Haugesund med gode kommunikasjonar mot Bergen og Stavanger og kort veg til flyplass. Tysvær er ein vekstkommune med ein særs ung befolkning, og har flotte tilbud innan kultur og idrett. Barnehagar og skular er moderne og gir gode tilbud i dei ulike delane av kommunen. Vi gjer merksam på at berre tilsette i Tysvær kommune (fast eller vikar) kan søkje stillingar som merka INTERN i overskrifta
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 7. mai 2020
Hentet fra: Tysvær kommune
Referanse: stilling.tysver.kommune.no/recruitment/opening?0?3352
Stillingsnummer: ec46c839-84fc-4173-8fad-9739043776da