Jærmuseet søkjer handverkar
Ein av våre to handverkarar går av med pensjon, og me søkjer derfor etter ny faglært og dyktig handverkar, primært innafor snekkar eller tømrarfaget .
Jærmuseet har drifts- og vedlikehaldsansvaret for om lag 60 kulturhistoriske bygningar i jærkommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå.
Arbeidsoppgåver:
· Tilsyn og vedlikehald av dei antikvariske bygningane
· Restaurering av bygg og museumsgjenstandar
· Vaktmeistertenester for nokre bygg
· Planleggingsarbeid
· Dokumentasjon av utført arbeid
· Tilsyn med innleigde tenester
· Noko deltaking i utstillingsarbeid
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
· Godkjent fagbrev, meisterbrev er ein fordel
· Interesse for kulturhistoriske bygg og bygningshistorie
· Innsikt i tradisjonshandverk er ein fordel
· Innsikt og interesse for andre handverksfag er ein fordel
· Evne til å kunne arbeida systematisk og planmessig
· Kunna arbeida sjølvstendig og som del av eit team
· Gode datakunnskapar
· God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på norsk
· Førarkort klasse BE, gjerne og C1 og trucksertifikat
Jærmuseet tilbyr:
· Fast 100% stilling
· Allsidig arbeidsplass i stadig utvikling
· God pensjonsordning
· Fleksibel arbeidstid
· Løn etter avtale
· Nyinnreia verkstad/kontorplass på Vitengarden, Nærbø
· Varebil til disposisjon
Om bedriften
Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå og regionalt vitensenter for Sørvestlandet. Museet har i dag ca 70 årsverk og driv 12 ulike besøksanlegg i sju kommunar. Jærmuseet har driftsansvaret for omlag 60 kulturhistoriske bygningar rundt om i jærkommunane.