PP-rådgjevar
Org. nr: - Stillingsident: 4292391835 Presentasjon av stillingen:
Kinn PPT er eit kontor med totalt 10 årsverk som består av leiar, fagstillingar og 1 merkantilstilling. Vi har kontor i Florø og Måløy.
Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) . PPT sitt formål er å hjelpe skular og barnehagar med å tilretteleggje det pedagogiske tilbodet for barn, unge med særlege behov. PPT gjer sakkunnig vurdering av barna sine individuelle opplæringsbehov. PPT bidreg råd og anna kompetanseheving til foreldre og opplæringsansvarlege i barnehage og skule.
Arbeidsoppgåver
Utgreiingsarbeid og sakkunnig arbeid.
Systemretta arbeid i barnehage og skule.
Samtale og rettleiing til elevar, føresette og tilsette i skule og barnehage.
Tverrfagleg samarbeid med andre instansar, kommunale og eksterne instansar som fastlegar, psykologspesialist, Statped, Habiliteringstenesta (HABU) og Barne- og Ungdomspsykiatrien (BUP).
Kvalifikasjonar
Utdanning på masternivå, spesialpedagog/logoped/pedagog, innan fagvanskar og det psykososiale fagområdet.
Sakkunnigheitsarbeid, kartlegging, testkompetanse.
Rettleiings-/rådgjevingskompetanse
Undervisningserfaring frå grunnskule er å føretrekke.
Kinn PPT har to kontorplassar, Florø og Måløy. Ved behov kan vi måtte yte tenester begge stader.
Det er ein fordel dersom kandidaten har førarkort klasse B, og kan disponere eigen bil i tenesta.
Personlege eigenskapar
Engasjement og drivkraft i høve organisasjonsutvikling.
Fleksibilitet og gode samarbeidsevner.
Vi tilbyr
Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår, god pensjonsordning, kompetanselønssystem.
Kontaktinformasjon
Haldis Myklebust Førde, Tenesteleiar, 90621686
Arbeidsstad
Hans Blomgt 5
6900 Florø
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Kinn kommune
Referansenr.:4292391835
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.11.2020
Søknadsfrist: 15.10.2020
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling.
Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.200 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1600 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget.