Sommarvikarar 2023 - kjøkken og reinhald ved Vangsheimen
Vang kommune søkjer etter sommarvikarar ved kjøkken, reinhald og vaskeriet på Vangsheimen for sommaren 2023.
Skriv gjerne noko om din motivasjon og interesse for å vere sommarvikar innan feltet, og kvar du helst ynskjer å arbeide i prioritert rekkefølgje.
Arbeidsoppgåver
- Kjøkken: matlaging og servering ved kjøkkenet Vangsheimen
- Reinhald ved ulike avdelingar på Vangsheimen
- Vaskeriet - Vangsheimen
Kvalifikasjonar
- Gjerne fagkompetanse, men studentar og ufaglært kan også søkje
- Interesse og engasjement for fagfeltet
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Vera fleksibel og ha tilpassingsevne
- Vera motivert, engasjert og strukturert
- Ha gode evner til samarbeid
- Vere sjølvstendig og ha evne til å ta ansvar, til å ta initativ og til å sette seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver
- Evne til å sjå, tenkje og arbeide heilskapleg
Vi tilbyr
- Eit god og spanande fagmiljø med varierte arbeidsoppgåver
- Eit positivt og triveleg arbeidsmiljø saman med dyktige kollegaer
- Opplæring og rettleiing
- Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
Kontaktinformasjon
Stine Solemsli, Leiar Vangsheimen og heimetenesta, 90896012, stine.solemsli@vang.kommune.noArbeidsstad
Tyinvegen 51502975 Vang i Valdres
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vang KommuneReferansenr.: 4607857273
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 01.06.2023
Sluttdato: 30.08.2023
Søknadsfrist: 11.04.2023
Om bedriften
«Vestlandsfjell og Austlandsklima» er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.
Vang kommune er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.