Sous chef
Er du vår hemmelege og dyktige sous chef? I så fall vil me ha med deg i utviklinga av eit hemmeleg restaurantkonsept på Bryne. Du vil væra med i den kreative utforminga av konseptet saman med eigarane.
Du må villa tenka utanfor boksen og ha eit ynskje om å pressa grenser for å skape rustikk mat i eit uformelt miljø
Rett kandidat vil få moglegheit til stillinga som kjøkkensjef på sikt.
Me søker óg kokker som vil ha det gøy saman med oss. Sjå eigen annonse.
Me vil skapa eit kreativt kokkemiljø på Bryne som skal fordypa seg i matfatet på Jæren og tenka berekraftig. Me vil servera ekte og skikkelig mat og tilby opplevingar utover god mat og drikke.
Me etablerer oss i løpet av våren 2019.
Om bedriften
Hemmeleg skal væra ein berekraftig restaurant for gode matopplevingar midt i matfatet på Jæren. Me vil servera ærleg og ekte mat på skikkelege råvarer frå stolte produsentar. Med ein god dose hemmeleg kreativitet vil me gje gjestene våre ei ugløymeleg oppleving.