Miljøarbeidar
Org.nr.:938 497 524 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
PU-tenesta har base på Dalsøyra, men yter bistand til brukarar i heile kommunen.
Gulen kommune har ledig inntil 200% mellombels stilling frå snarast. Stillings nr 1 er ledig til 31.08.22, medan sluttdatoen for stilling nr 2 ikkje er avklart enno.
Arbeidstid for stillingane er for tida slik:
- Stilling nr 1: Arbeid er delt mellom natt/dag/kveld. Arbeid 3. kvar helg.
- Stiling nr 2: Arbeid er i hovudsak på natt, 10 t/vakt. Arbeid 3. kvar helg.
Arbeidsppgåver
- Legge til rette for og bistå brukarar med ulike funksjonsnivå i daglege gjeremål og fritidsaktivitetar
- Følgje opp dei daglege rutinene
- Andre oppgåver etter behov
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar, fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande. Søkjarar utan fagbrev kan verte vurdert.
- Erfaring innan arbeidsområdet.
- Kan delta på ulike aktiviteter som til dømes bading i basseng (inkl. å ta livreddarkurs), båtturar og gardsbesø/arbeid.
- Førarkort klasse B
- Kommuniserer godt på norsk
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, påførande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Einingsleiar Bjørg Haugland, Tlf: 57781661, Epost: bjorg.johanne.haugland@gulen.kommune.no
Om bedriften
Gulen kommune ligg på sørsida av Sognefjorden, heilt ut mot havet. Innbyggjartalet er ca. 2 300. Kommunen har ca. 400 tilsette, som arbeider etter visjonen "Samarbeid for utvikling!"