Helsefagarbeider - 87 % fast på natt - Notevarp
Notevarp
Er Du på jakt etter ein variert, lærerrik og engasjerande arbeidsplass?
Ønsker DU å jobbe ein stad kor du får ansvar og samarbeidar med ulike aktørar?
Er DU på utkikk etter ein jobb kor du får bruka faget ditt?
Da er DU den vi ser etter:)
Dette er ein spennande og utfordrande arbeidsplass.
Vi kan tilby romsleg arbeidsmiljø, med gode kollegaer i alle alder, både kvinner og menn.
Vi jobbar med brukaren i fokus, har eit bredt fagmiljø med fleire yrkesgrupper som jobbar i team.
Vi har årstidsplan, der du sjølv påvirkar turnusen din for 1 år av gongen.
Turnusen har langevakter på 11.5 timar.
Notevarp er ein avdeling under Bo og mestring i MT kommune. Notevarp ligger på Gvarv. Tenesta har 36 årsverk og 14 brukarar. Det er ein spennande og utfordrande arbeidsplass med godt arbeids miljø.
Kort om stillinga
Notevarp har ledig 87 % fast stilling på natt som helsefagarbeider, med arbeid kvar 3 helg.
Stillinga er ledig frå 01.02.2023.
Arbeidsoppgåver
Miljøarbeid, følgje dag planar og, delta aktivt i teamet, rundt brukaren og elles i miljøet.
Krav til utdanning/ønskja kvalifikasjonar
Autorisert helsefag, eller relevant fagbrev.
Andre med relevant erfaring kan bli vurdert.
Personlege egenskapar
Gode samarbeidsevner, jobbe selvstendig, Være fleksibel og takle utfordrande adferd.
Vi tilbyr
Gode kollegaer og eit støttande og utviklande fagmiljø
Målet er at du skal vere trygg når du arbeider hos oss
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk
Særskilt for stillinga
Krav om politiattest, jf Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4, skal framvisast før oppstart i stilling.
E-læringskurset for nytilsette skal takast før oppstart i stilling.
Anna
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i forbindelse med intervjuet.
Offentleggjering
Iflg. Offentlighetslova § 25 pliktar arbeidsgjevar å gjere søkjar oppmerksam på at opplysningar om søkjarane kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om å bli unntatt offentlegheita. Midt-Telemark kommune vil varsle søkjara som har bedt om unnatakelse frå offentlegheit hvis dette ønskjet ikkje kan imøtekomast.
Søknaden sendast
Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling".
Om bedriften
Midt-Telemark kommune ligg i hjarte av Telemark med Bø som kommune- og regionssenter og handelssenter, og Gvarv som lokalsenter. Kommunen har om lag 10500 innbyggjarar.
Midt-Telemark er ein aktiv kommune med nasjonale turistmål, attraktivt kulturliv, eit innovativt næringsliv og eit variert landbruk, som mellom anna produserer ein fjerdedel av epla i Noreg.
Kommunen er studiestad for Universitetet i Sør-Øst Norge, har vidaregåande skule og folkehøgskule. Kommunesenteret er eit trafikknutepunkt med godt kollektivsamband både aust- og vestover, m.a. med bare 2 timar til Oslo og 2 ½ time til Kristiansand med tog.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.