Overingeniør / senioringeniør
Org. nr: - Stillingsident: 4046294002 Presentasjon av stillingen:
Avdeling for fartøy og sjøfolk fører tilsyn med at norske fartøy og reiarlag held høg standard når det gjeld tryggleik og miljø. Gjennom informasjon, regelverksutvikling og haldningsskapande arbeid, samt oppfølging med tilsyn, jobbar vi for å betre tryggleiken til sjøs.
Avdelinga består av fleire underavdelingar og seksjonar, kvar med sine ansvarsområde som t.d. lasteskip, passasjerskip, flyttbare innretningar eller fiskefartøy. Vi søker no etter ein person som skal jobbe med oppfølging av system for drikkevatn om bord på skip og offshore-innretningar. I det daglege vil ein difor ofte arbeide på tvers av dei interne avdelingane. Organisatorisk er stillinga plassert i Underavdeling flyttbare innretningar. Noko reiseaktivitet må påreknast.
Arbeidsoppgåver
- Handsaming av dokumentasjon.
- Delta i tilsyn.
- Delta i utvikling og vedlikehald av regelverk.
- Samarbeid med andre offentlege etatar.
- Kontakt og rettleiing mot næringa.
Kvalifikasjonar
- Teknisk utdanning frå til dømes høgskole eller universitet.
- Manglande formell utdanning kan kompenserast med relevant erfaring.
- Erfaring frå arbeid med drikkevatnanlegg eller andre liknande tekniske anlegg på skip eller offshore innretningar.
- Ønskeleg med erfaring frå arbeid med næringsmiddelhygiene og kvalitetssystem.
- Ønskeleg med helseattest for petroleumsverksemd og grunnleggande sikkerheitskurs for offshore.
Personlege eigenskapar
- Søkar må vere kundeorientert, resultat- og løysingsorientert, sjølvstendig og ansvarsbevisst, systematisk og nøyaktig.
- Søkar må ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, gode analytiske evner og gode framstillingsevner på norsk og engelsk.
- Søkar må kunne lese og forstå tekniske teikningar.
- Søkar må vere personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyr
Sjøfartsdirektoratet kan tilby eit godt fagmiljø med spennande arbeidsoppgåver og kontakt med næringa. Du vil få samarbeide med kollegaer med eit høgt kompetansenivå i eit bredt fagmiljø, som gir moglegheiter for tverrfagleg læring og utvikling. Vi har fleksibel arbeidstid og gode pensjons- og låneordninger i Statens pensjonskasse.
Stillinga vert lønna som overingeniør med kr 465.000,- 565.000,- brutto i året eller senioringeniør med kr 525.000 - 670.000, - brutto i året. I særskilde tilfeller kan høgare løn vurderast.
Sjøfartsdirektoratet er opptatt av mangfald og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsgrad, nasjonal- eller etnisk bakgrunn. Vi er ei IA-verksemd, som vil legge forholda til rette for søkarar med særskilt behov.
Kontaktinformasjon
Åse Waage, underdirektør, 45430001, awa@sdir.no
Arbeidssted
Smedasundet 50A
5528 Haugesund
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Sjøfartsdirektoratet
Referansenr.:4046294002
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 07.04.2019
Om bedriften
Sjøfartsdirektoratet er ein viktig og sentral aktør som skal ivareta og leggje til rette for utvikling av maritim verksemd. Vi tilbyr konkurransedyktige tenester og er anerkjende for vår kompetanse i den maritime klynga. Vårt overordna mål er å være den føretrekte maritime administrasjonen. Det er 350 tilsette i Sjøfartsdirektoratet. Hovudkontoret ligg i Haugesund og har om lag 225 tilsette. I tillegg har Sjøfartsdirektoratet sju regionar med tilhøyrande tilsynskontor langs norskekysten. Skipsregistra i Bergen, med 20 tilsette, er òg ein del av Sjøfartsdirektoratet.