Brannmannsskap
Stillingsannonsen er inaktiv.Fjord kommune
6250 Stordal
Org. nr: 939396268 Stillingsident: 4194915679 Presentasjon av stillingen:
Det er ledig stilling som brannkonstabel i Fjord kommune. Ein brannkonstabel jobbar deltid og er sett opp med personsøkjer, og rykkjer ut ved alarm. Vi har i dag 3 stasjoner fordelt i Stordal, Valldal og Eidsdal. Det er ledig stilling i Stordal og Eidsdal. Stillingane utgjer 2,04 % og dekker pålagte øvingar gjennom året. Tid til utrykning kjem i tillegg. Fjord kommune er i forhandlingar med Ålesund brannvesen om at dei tar over arbeidsgjevaransvaret for brannkorpset i kommunen (oppstart ikkje avklart).
Tilsette må bere personleg varslar for alarm. Det vert gjeve nødvendig opplæring i stillingane.
Alle som har lyst til å prøve seg som brannmann oppfordrast til søkje (søkjar må ha fylt 18 år). Det vert gjennomført deltidsopplæring med dei krav som ligg føre. For å bli røykdykkar er det Arbeidstilsynet sine krav som er rettleiande og fysiske krav må bestås årleg.
Arbeidsoppgåver
- Brannsløkking
- Røykdykking
- Delta i øvingar og opplæring i samsvar med oppsett plan
- Livreddande førstehjelp
- Sikring av ullykkesstad
Kvalifikasjonar
- Må bestå medisinsk og fysisk test.
- Førarkort klasse B og gjerne BE
- Ønskjeleg med førarkort klasse C
- Ønskjeleg med båtførarbevis
- Bør ha mindre enn 10 minutt reisetid til brannstasjon
Personlege eigenskapar
- Arbeid som brannkonstabel har krav til fysisk og psykisk helse. Du må ha god styrke og uthald. Du kan ikkje ha klaustrofobi eller høgdeskrekk. Arbeidet er gruppebasert og brannkonstablar må både kunne samarbeide og la seg leie. Viktig at du klarar å behalde roa i stressande og farlege situasjonar.
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med avtaleverk
- Variert arbeid i positivt miljø
- Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
- Det vert trekt 2% frå løna til innskot til pensjonsordning (KLP)
- Beregodtgjering
Kontaktinformasjon
Lars kjell Smoge, Brannsjef, 41613372 / 41867921, lars.kjell.smoge@fjord.kommune.no
Arbeidsstad
6250 Stordal
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Fjord kommune
Referansenr.:4194915679
Stillingsprosent: 2,04%
Fast
Startdato: 23.03.2020
Søknadsfrist: 01.03.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Fjord kommune
Adresse
Stordalsvegen 550, 6250 Stordal
Fjord kommune er tidlegare Norddal og Stordal kommune som slo seg saman 01.01.2020. Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2700 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med stort fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen her.
Om stillingen
Antall stillinger
3
Oppstart
23. mars 2020
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 2. mars 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4194915679_Fjord kommune_webcruiter
Stillingsnummer: eb8ad573-221f-4d75-aaf9-c5c8b73e6e4b