Ledig vikariat for fastlege 20/213
Det er behov for fastlegevikar for 3 legar i 60-100 % stilling i 6 månader frå 01.05.20. Det er muligheit for utviding, og å søka om deleliste som vil koma om eit par år. Vikarlegen får eige legekontor.
Det er ikkje vaktplikt knytt til stillinga.
Søkjar må kunne dokumentera fullført og godkjent LIS1-teneste, samt norskkunnskapar tilsvarande nivå B2.
Om bedriften
Klepp legesenter er lokalisert i nye og tidsmessige lokale sentralt i Klepp sentrum, og har 4 faste legar og LIS1-lege. Det er gode arbeidsforhold med erfarne medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø.