Undervisningsstilling
Stillingsannonsen er inaktiv.Osterøy kommune
Valestrandsvegen 338, 5281 Valestrandsfossen
Org.nr.:864 338 712 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Osterøy kommune har fem kommunale grunnskular, derav ein ungdomsskule, samt eit senter for vaksenopplæring. Valestrand skule har frå 01.11.2021 ledig ein fast stilling i 100% for undervisning og klasseleiing i 1-7 trinn. Det kan bli lagt kontaktlærarfunksjon til stillinga. Det er ynskjeleg med kompetanse i faga norsk, engelsk og matematikk.
Osterøyskulen har fokus på elevsyn som er tufta på fagfornyinga sin overordna del og kapasitet til klasseleiing. Skulane har gjennom fleire år fokusert på profesjonelle læringsmiljø og framtidskompetanse.
Du kan lese meir om skulane våre her: Osterøy kommune - Skulane våre (osteroy.kommune.no)
Arbeidsoppgåver:
- Undervisning
- Planleggje og leie arbeidet med elevane si læring, individuelt og i lærande team
- Arbeide med å skape eit trygt og godt skulemiljø
- Samarbeide på team og vere aktiv bidragsytar i felles skuleutviklingstid
- Leggje til rette for eit godt skule-heim-samarbeid
Kvalifikasjonar:
- Godkjend pedagogisk lærarutdanning frå høgskule eller universitet, med gode kunnskapar både fagleg og didaktisk
- Du er ein tydeleg og strukturert klasseleiar/klasselærar
- Du kan tilpasse opplæringa til det beste for kvar einskild elev
- Du har god nynorsk framstillingsevne
- Du har god digital kompetanse
Personlege eigenskapar
- Me ynskjer ein tydeleg lærar med gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner, samt god relasjonskompetanse
- Du har evne til å arbeida systematisk, nøyaktig og å gjennomføra kreativ og variert undervisning
- Du har god arbeidskapasitet, endringskompetanse og evne til å ta ansvar
- Du er utviklingsorientert og har høge ambisjonar for elevane, kollegaer og deg sjølv
- Du er positiv i møte med elevar, føresette og kollegaer, du ser løysingar framfor problem.
Me tilbyr:
- Godt arbeidsmiljø og ein utviklingsorientert organisasjon
- Dedikerte, engasjerte og positive kollegaer
- Mentorordning og nettverk for nyutdanna lærarar
- Løn, offentleg pensjonsordning og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Ein arbeidsstad som er inkluderande arbeidsliv (IA) bedrift
Anna informasjon:
- Søkjarlister er offentlege
- Søknader skal registrerast elektronisk via søknadsportalen
- I tråd med opplæringslova § 10-9 vert det stilt krav om politiattest ved tiltreding. Attesten kan ikkje vere eldre enn 3 md.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Tove Balestrand, Tlf: 56192762, Epost: tove.balestrand@osteroy.kommune.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Adresse
Valestrand, 5281 Valestrandsfossen
Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyene i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på ca 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen. Frå Lonevåg sentrum tek det ca. 45 min kjøretur til Bergen sentrum, ca 30 min til Åsane og ca. 20 min til Arna
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
1. november 2021
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 21. september 2021
Hentet fra: stepstone
Referanse: vac2775679dep192553_Osterøy kommune_stepstone
Stillingsnummer: eb6f704b-c4d2-4bef-9f22-84846e8e2a88